Kan unngå nedrykk

Stavanger handball kjempar med nebb og klør mot nedrykk. I dag slo dei topplaget Haslum med 32-27 og er nå på fjerde siste plass på tabellen.

Dei to siste laga rykkar rett ned. Der er Haugaland akkurat nå, med 11 poeng på nest siste plass. Stavanger har krabba seg opp på fjerde siste plass. Men det er med berre eitt poeng meir enn Haugaland. Tolv poeng har Stavanger skrapa saman hittil.

Elverum, som ligg på tredje siste plass, har også 11 poeng, og dei spelar sin kamp i morgon, søndag.