Hopp til innhold

Jubeltog då elevane vann leirskule-kampen

Sandnespolitikarane ville kutta leirskuletilbodet i kommunen for å spara pengar. Men det ville ikkje elevane og foreldra. I dag blei kampen krona med siger då politikarane snudde.

Sandnespolitikarane ville kutta leiskuletilbodet for å spara pengar. Men det ville ikkje elevane og foreldrene. I dag blei kampen krona med siger då politikarane snudde.

VIDEO: Elevane i Sandnes vann leirskule-kampen og får likevel gå på leirskule.

Men det planlagde demonstrasjonstoget før kveldens bystyremøte i Sandnes blei ikkje avlyst, sjølv om det før møtet var klart at det var politisk fleirtal for å behalda leirskule-tilbodet.

Den opphavlege planen til politikarane var å kutta leirskule for alle elevane i kommunen for å spara pengar. Det førte til at fleire hundre signerte eit opprop mot leirskulekuttet.

Demonstrasjon blei det likevel før kveldens bystyre, for sikkerheits skuld. Sjølv om det i praksis blei eit jubeltog mot Rådhuset.

– Me vil takka bystyret for at me fekk leirskule. Eg trur det skal bli nok pengar nå, sa elev Hermann Tengs Pedersen i toget.

Eleven er klar på kvifor det er så viktig med leirskule.

– Det er viktig fordi det nesten er dei einaste me hugsar frå barneskulen.

Elevar leirskule-tog

Glade elevar etter å ha vunne leirskule-kampen.

Foto: Thomas Ystrøm

Glade foreldre

Far Torleif Tengs Pedersen er blant dei glade foreldra i toget.

– Det var veldig hyggeleg å høyra at det ser ut til at det blir leirskule likevel. Me håpar dette går gjennom og at ungane får ei oppleving for livet.

– Leirskulen er blant dei beste minna eg har sjølv frå barndommen. Me håpar våre barn skal få ta del i det same, seier far Tengs Pedersen.

Det var Aftenbladet som før bystyremøtet måndag kveld melde at det var fleirtal for å behalda leirskulen i Sandnes.

Politikarane snudde

Borgli og Seland

Pål Morten Borgli (Frp) og Thor Magne Seland (H) er med på å sikra at Sandnes-elevane framleis får gå på leirskule.

Foto: Thomas Ystrøm

Varaordførar Pål Morten Borgli (Frp) er blant politikarane som sikrar det fleirtalet.

– Eg har aldri vore på leirskule sjølv, men det høyrest ut som dei har lyst og då kan me ikkje stoppa dei, seier han mens elevane lagar liv og leven med kamprop, plakatar og kubjøller.

Thor Magne Seland er gruppeleiar for Sandes Høgre:

– Nå har alle sagt at dette skal inn i budsjettet, så både posisjonen og opposisjonen er vel forlikt om at dette er prioritert. Og i motsetnad til Pål Morten har eg vore på leirskule, så eg forstår veldig godt kvifor dei er glade. Det er eit av minna frå barndommen som sit igjen. Derfor er det utruleg kjekt å gi denne beskjeden.

– Men kommunen må spara pengar?

– Jo, men dersom du ser på budsjettala til Sandnes kommune er dei 2,1 millionane dette kostar veldig anvende pengar. Eg trur me får igjen for dette, seier Seland.