Hopp til innhold

Evakuerte får ikkje koma heim på grunn av stor fare for nye ras

Tysdag morgon har det gått eit større jordskred på Moi i Lund kommune. Fleire er evakuerte, og får ikkje koma tilbake til husa sine grunna fare for nye ras.

Ras på Moi i Lund

Fleire personar er evakuerte etter eit større jordskred gjekk på Moi i Rogaland like etter klokka 07.30 nyttårsaftan.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Raset strekk seg langt oppover fjellsida

Raset strekk seg langt oppover fjellsida.

Foto: Finn Åge Haukland

Om lag 40 mann frå naudetatane jobba tysdag føremiddag med å sikra område etter eit skred som gjekk på Haukland på Moi i Lund kommune like før klokka 07.30 nyttårsaftan.

– Det har kome ned massar frå fleire hundre meter opp i fjellsida og ned til bustadområdet her nede. Me har evakuert 17 personar frå 7 husstandar. På grunn av stor fare for fleire ras kjem ikkje dei evakuerte personane inn i husa sine igjen før i alle fall eit par dagar, seier brannsjef i Lund kommune, John Skåland.

Skredet var om lag 50 meter i bredde og skjedde over eit nytt bustadområde på Moi. Det er 17 personar frå 7 hus som er evakuerte. Politiet har førebels rekna ut at skadane er avgrensa til to hus med garasjar. Det er ikkje meldt om personskadar.

Stor fare for nye skred

Redningsarbeidarane har hatt hund ute, som har søkt i rasmassane. Klokka 11.00 opplyser politiet at søket er avslutta, utan at hundane har funne noko. Skåland trur derfor ikkje at det ligg folk i rasmassane.

– Ingen er meldt sakna og me trur ikkje at det er personar i massane, seier Skåland.

Lensmann i Lund, Svein Arild Bringedal, om raset som råka Moi nyttårsaftan.

SJÅ VIDEO: Lensmann i Lund, Svein Arild Bringedal om raset.

– Kort trygt er det for dykk å jobba i området?

– Du kan aldri sei det er heilt trygt, for det har regna svært mykje og me veit ikkje kor tid det kan koma eit nytt ras. Me vurderer det likevel som forsvarleg å jobba her, seier Skåland.

Saman med geologar i NVE har det lokale redningsmannskapet kome fram til at det er stor fare for fleire ras i området, sidan det er venta meir regn utover dagen.

– Me har hatt folk oppe i fjellsida, som vidare har hatt telefonisk kontakt med geologane. I morgon kjem det geologar ut, som skal gjera nye vurderingar, seier Skåland.

Derfor fjernar dei berre jordmassar frå vegen, og lar massane ved husveggane ligga.

– Dei har fått henta det mest nødvendige av ting, og er innstilte på å vera vekke frå husa sine eit par dagar, seier Skåland.

Ras i Moi

Ein gravemaskin er i gang med å rydda delar av raset i 09.30-tida tysdag morgon.

Foto: Helge Litlehei

Vekkar innbyggarane

Jordskredet førte til at fleire innbyggarar i kommunen var utan straum ei lita stund. Straumen er nå vera tilbake. Elles fører skredet til at vatnet store vassmengder renn på plassar dei kan gjera skade på husa, noko ein gravemaskin er i gang med å prøva å forhindra.

John Skåland har sjølv vore med på evakueringsarbeidet.

– Me er i gang med å vekke innbyggarane i området for å evakuere dei, sa han til NRK tidlegare i dag.

– Korleis reagerer dei som blir evakuerte?

– Førebels tar dei det ganske greitt. Me har hatt ein samlestad der me har tatt imot folk og registrert dei. Nokon har gått vidare på kafear, eller til folk dei kjenner, seier han.

Politiet jobbar også med å få fatt i geolog, som kan vurdera faren for fleire skred i området.

Bebuarar får ikkje koma heim

Bebuarar får ikkje koma heim til nyttårsfeiringa.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Ser fælt ut

– Skredet har gått aust på Haukland, oppe i Øyevollveien, og tatt med seg lyktestolpar, store steinar, tre og garasjar. Elles sperrar det vegen litt lengre nede, seier Skåland.

Han legg til at fleire hus har jordmassar heilt inn til husveggane.

– Det ser ganske fælt ut akkurat nå, sa han.

Det har regna mykje i området sør i Rogaland der skredet har gått, og det er venta meir regn. NVE har flaumvarsel ute, som gjeld ut dagen i dag.

– Det siste døgnet har det kome 90,5 mm nedbør på Eik i Lund, som er den nærmaste målestasjonen, noko som er svært mykje regn, seier Gunnar Livik, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt.

Framover er det venta litt mindre regn, men det kan koma 20–30 mm nedbør det komande døgnet.

Blei vekka av raset

Reidun Byrud bur i området, men høyrde ikkje raset. Ho blei overraska då brannvesenet vekka ho i dag tidleg.

– Det ligg store jordmassar utanfor huset mitt nå, men det ser ikkje ut som om huset mitt er skada. Naboen sin carport er likevel øydelagd, seier ho.

Nå er ho evakuert til eit hus lengre ned i byggefeltet.

– Det har vore ekstremt mykje nedbør dei siste dagane, men ein trur likevel ikkje at slikt skal skje her, seier Byrud.