Hopp til innhold

Solkraftutbygging i Iran gir nye arbeidsplassar i Noreg

Eit lite selskap med base i Sola har sikra seg ein kontrakt verd 23 milliardar kroner i Iran. Avtalen blei signert tretten dagar etter at idéen blei presentert.

Solceller

Saga Energy skal bygga fleire solkraftverk i Iran. Kontrakten med Amin Energy Developers blei signert i Teheran i dag.

– Eg klarer ikkje heilt å ta inn over meg kor stort dette eigentleg er, seier Rune Haaland, pressetalsmann i Saga Energy, til NRK på telefon frå Teheran.

Tidlegare i dag signerte det norske solenergiselskapet ein kontrakt med det iranske selskapet Amin Energy Developers, på den norske ambassaden i Teheran.

På papiret er kontrakten verd 2,5 milliardar euro, eller rundt 23 milliardar norske kroner.

– Eigentleg så er den nok verd mykje meir, for i kontrakten ligg det òg statsgarantiar for kjøp av straum i 25 år. Så her trur eg ein må finna fram gongetabellen for å finna det beløpet, seier Haaland.

Miljøaktivist Rune Haaland

Rune Haaland er pressetalsmann i Saga Energy.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Sikra avtalen i løpet av kort tid

Saga Energy er eit lite selskap, med ei kort historie, som har base i Sola i Rogaland. Jan Erik Vikeså er leiar i selskapet, og han var ein av dei mange som blei ramma av oljekrisa.

– Stiftaren av selskapet er eigentleg ein norsk Espen Askeladd. Han mista jobben i eit oljeserviceselskapet i fjor, så stifta han eit solenergiselskap, og så har han gjort avtalar og bygd eit nettverk med store og sterke internasjonale partnarar, som har teknologi og kompetanse, seier Haaland.

Avtalen i Iran har kome i stand på rekordtid.

– Det har ikkje tatt meir enn tretten dagar frå ideen blei presentert på eit summit på Saga sitt kontor i Tananger, til det blei signert kontrakt med det som svarar til Enova i Iran, fortel pressetalsmannen.

Han trekkjer fram unik kompetanse, samt gode relasjonar mellom norske og iranske styresmakter, som nokre hovudgrunnane til at avtalen har blitt ein realitet.

– Nå når det ikkje lenger er sanksjonar, så har det vore norsk politikk å bidra til å vidareutvikla energisamarbeidet mellom Noreg og Iran, og det er noko me ser eit konkret døme på no, seier Haaland.

Vil gi fleire nye arbeidsplassar

No skal Saga Energy bygga solkraftverk fleire stader i Iran, som til saman skal produsera to gigawatt med straum.

– Iran signerte klimaavtalen i Paris, og førsteprioritet for Iran er å få på plass ei fornybar energiforsyning, og det er det Saga skal vera med å hjelpa Iran med å få på plass.

Denne utbygginga vil også bety fleire nye arbeidsplassar heime i Noreg, og ikkje minst i Rogaland, som framleis har den høgaste arbeidsløysa i landet.

– No kan Saga Energy tilsetta fleire ingeniørar. Mange av dei som går ledige i Stavanger-området, kjem nok til å få seg jobb. Det skal byggast opp selskap i Iran, det kjem nok delvis til å bli bemanna av nordmenn, men målet er å læra opp iranarar. Men det blir arbeidsplassar for nordmenn, og det blir arbeidsplassar for iranarar, seier Haaland.