– Då eg kom til Stavanger trudde eg at opplevinga skulle vera heilt annleis. Eg trudde det skulle vera to år med berre skriving, seier flyktningen og forfattaren.
I staden må ho bruka store delar av tida si på «flyktningarbeid», som vil seia å fylla ut søknader og gå på obligatoriske norsk kurs saman med analfabetar.
Kan få opphald
Manal Al-Sheikh tar del i ordninga som skal gje forfølgde forfattarar støtte til å skriva og ytra seg i ein såkalla «friby». Det er 11 norske byar med i det internasjonale friby-nettverket ICORN. Byane tar imot forfølgde forfattarar i to år, med stipend frå UD.
- Sjå video:
I tillegg til får forfattarane status som flyktningar med permanent opphaldsløyve viss dei følgjer det same programmet som andre flyktningar.
Det vil seia 250 timar obligatorisk norskopplæring, 50 timar samfunnsfag og alt som må bli ordna med hus, heim og søknader til byråkratiet. På toppen av dette skal ho vera ein produktiv forfattar.
- Les òg:
- Les òg:
Var deprimert
– I byrjinga var eg ganske deprimert på grunn av mange problem med byråkratiet, seier Manal som kom til Stavanger for eitt og eit halvt år sidan saman med sine to born.
Også norskundervisinga blei ei påkjenning. Ho er meiner det er viktig å læra norsk, men at innhaldet fort kan bli banalt når høgt utdanna blir kursa saman med analfabetar.
Kvinna som har bachelor i engelsk omsetjing, har jobba som frilansjournalist og har gitt ut tre bøker mens ho har vore i Norge vil helst sleppa bokstavpuslespel i norskopplæringa.
Ikkje aleine
I Trondheim har dei også opplevd dette problemet, og dei har gjort noko med det.
– Me opplevde dette med den første friby-forfattaren vår, han var mest oppteken av å vera forfattar og lærte seg svært lite norsk, seier friby-koordinator i Trondheim, Rein Oftedal.
Derfor har Trondheim nå utvida perioden frå to til fire år, der dei to første handlar om at forfattaren skal læra norsk og koma til rette i byen.
Spørsmål om pengar
Men Elisabeth Dyvik, som er rådgjevar i friby-nettverket ICORN i Stavanger er ikkje sikker på at dette er løysniga for alle forfattarane.
– Dette er individuelt og me må takla det individuelt noko me også prøver på, seier ho.
Men ho legg til at det ikkje berre er enkelt å løyse slike problem når ein har ein viss pengesum å forhalda seg til.
Manal Al-Sheikh veit ikkje kva ho vil gjera når friby-perioden hennar er ferdig.