Hopp til innhold

Nytt samarbeid mellom Renberg og Ottesen

Kaizersvokalist Janove Ottesen gir saman med Real Ones og Christel Alsos ut «booktrack» til Tore Renberg si nye bok.

Tore Renberg og Janove Ottesen

FØRRE SAMARBEID: Like etter urpremieren av musikalsamarbeidet «Sonny» i 2011 var Tore Renberg og Janove Ottesen i gang med å drodla om sitt neste samarbeid. Nå er det her.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Real Ones

Real Ones er også med på låta «Vi ses i morgen». Real Ones er David C. Vogt, Ivar C. Vogt, Jørgen Sandvik, Kåre Opheim og Øystein Skjælåsen.

Foto: promo
Christel Alsos på Bergenfest, 2007

Christel Alsos, her under Bergenfest.

Foto: Per Ole Hagen, NRK

– Ein film blir alltid lansert med eit «soundtrack». Kvifor kan ikkje ein roman lanserast med ein «booktrack»?

Dette spørsmålet stilte Tore Renberg seg sjølv, og slik oppsto ideen som nå skal presenterast.

Romanen «Vi ses i morgen» kjem ut saman med ein song med same tittel.

Først framført på NRK

Bak songen er det ingen ringare enn Real Ones, Christel Alsos og Janove Ottesen som står.

Det var Janove som først blei kontakta av Renberg, dei har tidlegare samarbeida om førestillingane «Det tusende hjartet» og «Sonny».

Like etter urpremieren av «Sonny» var Tore Renberg og Janove Ottesen i gang med drodlinga om neste samarbeid, som altså skulle bli eit «booktrack».

Det er Renberg som har skrive teksta til songen medan Ottesen har stått for melodien. Låta blir framført som ein duett mellom Ottesen og Christel Alsos, med Real Ones som backingband.

Låta kjem ut digitalt på laurdag, og same dag blir ho framført i programmet Lindmo på NRK1 klokka 21.50.

Vi ses i morgen artwork

Vi ses i morgen artwork.