NRK Meny

Hytte brann til grunnen

Ei hytte i hyttefeltet Maldal i Sauda brann seint i går kveld til grunnen. Hytteeigaren var ute og gjekk tur då brannen starta, og varsla sjølv brannvesenet då han kom tilbake til hytta si i ti tida i går kveld. Då brannvesenet kom på staden var hytta overtent. Ingen personar kom til skade, men bilen til hytteeigaren blei også totalskadd. Krimteknikarar frå politiet skal etter kvart undersøka branntomta for å prøva å finna brannårsaka.