– Det er denne gruppa som aukar mest blant dei langtidsledige. Det er uvanleg, seier direktør i Nav Rogaland, Truls Nordahl.
Frå januar i fjor til januar i år blei det 270 prosent fleire langtidsledige innanfor ingeniør- og IKT-fag.
– Hovudårsaka er nedbemanninga innan olje- og gassindustrien. Det er få av desse stillingane som no er ledige, seier Nordahl.
- Les òg:
Paradokset er at det for få år sidan var eit skrikande behov for nettopp denne kompetansen.
Truls Nordahl i Nav Rogaland.
Foto: Ine Eftestøl/NRK– Nedturen har vart i halvanna år, så no har nok òg mange av dei offentlege verksemdene fått fylt opp dei stillingane dei treng. Difor er det mindre etterspurnad akkurat no, seier Nav-direktøren.
Og når det er få jobbar i Rogaland, bør folk belage seg på å flytte, meiner Nav.
– Det er mange bedrifter som kjem frå andre fylke på jakt etter folk som har nettopp ingeniør- og IKT-bakgrunn. Mange av bedriftene er villige til å legga til rette mykje slik at folk kan klare denne omstillinga, seier Nordahl.
– Eitt anna alternativ kan vera å kontakta Nav og be om å få ein praksisplass, eventuelt ringa ein arbeidsgivar sjølv. Då kjem dei inn i arbeidsmiljøet igjen og får vist seg fram, samstundes som ein får auka kompetanse, legg han til.