Hopp til innhold

Høgre får ordføraren i Sandnes

Kenny Rettore frå Høgre blir ny ordførar i Sandnes. Kristoffer Birkedal frå Frp blir varaordførar. Det blei stadfesta på ein pressekonferanse nå i kveld. Høgre har i heile dag vore i forhandlingar med Ap, KrF og Venstre, men det dei kom fram til fekk ikkje fleirtal i gruppa til Høgre. Høgre har difor gått tilbake til Frp, som dei braut forhandlingane med i går.

Ordførarkandidaten til Frp, Pål Morten Borgli, har vald å tre til side, for å sette Sandnes framfor seg sjølv. Det sa Kristoffer Birkedal på pressekonferansen nå i kveld.

Høgre og Frp har fleirtal åleine saman i kommunestyret.

Kenny Rettore og Kristoffer Birkedal
Foto: Elise Pedersen / NRK