Hopp til innhold

Pungar ut over 100.000 kroner for ei veke med draumeferie i Noreg

Nordmenn har bestilt noregsferien tidlegare i år enn i fjor. Dyre feriehus og familieparkar er blant feriefavorittane.

Gråtassland i Kongeparken

Familieparken Kongeparken på Ålgård i Rogaland har to- til tredobla førehandsbestillingane samanlikna med fjoråret. Bilete er frå juni 2015.

Foto: Anders Fehn / NRK

– Det er ein vill etterspurnad etter feriehus i sommar, seier kommersiell direktør i Finn reise, Terje Berge.

Han fortel at det er lagt ut nesten 8000 feriehus på Noregs største digitale marknadsplass, Finn.no. Mykje er alt utleigd.

Terje Berge, komersiell direktør Finn.no Reise

Terje Berge er kommersiell direktør i Finn reise.

Foto: Finn.no

– Dess lenger du ventar, dess lenger borte frå sjøen får du leigd. Det er nær sjøen ein vil vera i sommar. Det er heilt tydeleg, seier Berge.

Nordmenn har bestilt noregsferien tidlegare i år enn i fjor. Ifølge Berge er det også tydeleg at fleire er villige til å bruka pengar på å få draumeferien i heimlandet.

– I år har også folk booka dei dyraste feriehusa. Dei ligg på om lag 70-110.000 kroner i veka. Det er nesten ingen igjen i heile Noreg i sommar i denne prisgruppa.

Rekordsal av bubilar

Folk vil også ha luksus i bubil og båt før noregsferien. Ifølge Berge er det rekordsal av bubilar på Finn. I tillegg har det vore dobbelt så mange søk på båtplass til leige.

Sola bubil i Rogaland er blant forhandlarane av bubilar og campingutstyr som har travle dagar.

– Butikken som sel småvarer til fritid og camping har auka omsetninga med 200 prosent i år. Salet av bubilar er 20 prosent over sist normalår i 2019, seier dagleg leiar Amund Nylund.

Ekteparet Per og Jorid Dirdal er blant dei som har investert i ein bubil under pandemien.

– Me trur det kan vera ein grei måte å koma seg rundt på, spesielt i denne pandemitida, seier ekteparet.

Amund Nylund, Sola Bobil

Dagleg leiar i Sola bubil, Amund Nylund, opplever eit eventyrleg sal i koronatider.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Familieparkane ventar godt besøk

Også familieparkane her i landet merkar godt at det er noregsferie som gjeld i sommar.

Kongeparken på Ålgård i Rogaland har to- til tredobla førehandsbestillingane samanlikna med fjoråret. Besøkskapasiteten er halvert på grunn av smittevernet.

– Familiane bookar tidlegare for å sikra noregsferien. Gjestene kjem frå heile landet. Det er ekstra kjekt, seier dagleg leiar Therese Oddsen.

Hunderfossen Eventyrpark.

Hunderfossen eventyrpark i Lillehammer har tru på godt besøk i sommar. Her er det store trollet fotografert i august 2019.

Foto: Privat

Hunderfossen eventyrpark i Lillehammer har meir enn femdobla bestillingstala i år samanlikna med fjoråret.

Bø Sommarland i Telemark melder om auke i førehandskjøpte billettar mot eit normalår.

Koronastengde Tusenfryd i Ås kommune merkar også stor interesse. Det same gjeld for Dyreparken i Kristiansand.

– Heilt sidan midten av april og gjennom heile mai har det vore høgare bookingaktivitet enn tidlegare år. Alt nå er mange av overnattingsstadane våre i ferd med å bli fullbooka, seier marknads- og kommunikasjonsdirektør, Anniken Bjørnstad Schjøtt.

Therese Oddsen

Smittevern er viktig for Kongeparken. Derfor har dei om lag 50 hygienestasjonar med handsprit i parken.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Nakstad er ikkje uroa for park-smitte

Koronapandemien gjer det nødvendig med smitteverntiltak i familieparkane. I Kongeparken er det blant anna stasjonar med handsprit og skilt som minner om ein meter-regelen.

I heile fjor var det ingen covid-19-tilfelle eller smittesporing frå parken, ifølge Kongeparken-sjefen.

Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet

Assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

Foto: Heiko Junge

Det er heller ingen grunn til stor smitteuro for barnefamiliane som snart er venta til fornøyelsesparkane, ifølge Helsedirektoratet.

Assisterande helsedirektør, Espen Nakstad, minner om at fornøyelsesparkar og badeland har eigne krav til smittevern i covid-19-forskrifta.

– I fjor klarte parkane å gjennomføra smittevernet på ein veldig godt måte. Ute i friluft er dette eit handterleg problem. Men det krev sjølvsagt at folk følgjer instruksane dei får.