Hopp til innhold

Her sov dottera (5) like før vatnet løfta golvet

Siv-Wenche Johansen seier ho er heldig som har begge døtrene sine i live etter flaumen på Jørpeland førre onsdag. NVE fryktar meir styrtregn som kan gi auka skader i landet vårt.

Golvet losna på grunn av flaum

Siv-Wenche Johansen er tilbake der soverommet til dottera Victoria (5) var før flaumen førre onsdag. Golvet til soverommet losna på grunn av vassmassane under styrtregnet. Slik ser det ut etter at golv og vegger er rive ned.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Siv-Wenche Johansen låg og sov då ho vakna av kraftig bråk frå huset sitt på Jørpeland i Rogaland tidleg om morgonen førre onsdag. I kjellaren sov døtrene på fem og åtte år.

– Eg ringde sambuaren min og sa eg trudde huset skulle rasa saman. Han spurte om det bles heime. Til det svarte eg nei.

Plutseleg høyrde mora skrik frå kjellaren der døtrene sov, og sprang derfor ned til dei.

– Dottera mi Victoria på fem år stod i døropninga til rommet. Bak henne løfta golvet seg med eit sjukt brak. Eg reiv derfor med meg ungen og den andre dottera mi, som kom ut frå sitt soverom.

– Heldig som har døtrene i live

Golvet tatt av vatnet

Slik såg soverommet til Victoria (5) ut etter at vatnet hadde kome inn huset via kjellarinngangen.

Foto: Privat

Mora og dei to døtrene kom seg trygt ut av huset og blei henta av ein slektning. Etterpå forstod Siv-Wenche Johansen at det var vatn som hadde trykt opp golvet på soverommet til dottera.

Då den dramatiske hendinga skjedde var klokka om lag 6.45, ifølge småbarnsmora. På eit bilete ho tok klokka 8 har vatnet stige over dørhandtaket på kjellardøra.

– Nå tenker eg at eg er heldig som har begge døtrene mine i live. Det skjedde så sjukt fort, fortel Siv-Wenche Johansen.

Flaumramma familie

Victoria Lindland (5) og søstera Sunniva Lindland (8) har fått eit midlertidig soverom i hovudetasjen etter flaumen førre onsdag. Her saman med mor Siv-Wenche Johansen (Victoria på fanget til mora).

Foto: Magnus Stokka / NRK

Kritiske innbyggarar

Huset er blant 33 husstandar på Jørpeland som har rapportert kommunen om flaumskadar etter styrtregnet i Ryfylke førre onsdag.

I ettertid har fleire bebuarar uttalt seg svært kritisk til kommunen sine flaumtiltak. Det toppa seg på eit allmøte for dei flaumråka i kommunestyresalen måndag denne veka.

Blant dei som var tydeleg frustrert var Torbjørn Tungland. Han fekk kjellaren oversvømt av vatn for fjerde gong under styrtregnet som varte i seks timar.

Gang i flaumhus

Slik såg det ut i gangen i kjellaren til Siv-Wenche Johansen etter styrtregnet.

Foto: Privat

– Hovudproblemet er avløpa. Det er kummar og rister som ikkje blir reinska skikkeleg. Det er ikkje ettersyn og ikkje godt nok vedlikehald og vakthald.

Strand kommune har fleire gonger beklaga det som har skjedd og har lova ei grundig evaluering.

Etter uvêret Loke i 2005 investerte kommunen og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) over 20 millionar kroner for å betre ta unna overvatn i dei flaumutsette delane av Jørpeland. Den gongen blei det valt å leia vatnet i røyr under bustadane, i staden for i det fri.

Enkelte plassar er det lagt ut rister før vatnet renn inn i røyra for å hindra at barn kryp inn i dei. Desse tetta seg til under sist styrtregn.

Video frå styrtregnet på Jørpeland onsdag 26. september. Foto: Vidar Bakke.

NVE: – Sikringstiltaka har fungert

Etter folkemøtet måndag uttalte Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes (H) at det kan sjå ut til at løysingane etter Loke ikkje var dei beste vala. Men ifølge NVE har sikringstiltaka i hovudsak fungert etter hensikta.

Eirik Traae

Sjefingeniør i NVE Region Sør, Eirik Traae.

Foto: Øystein Ellingsen/NRK

– Skadane hadde sannsynlegvis vore betydeleg større dersom tiltaka etter 2005-flaumen ikkje hadde vore utført, seier sjefingeniør i NVE Region Sør, Eirik Traae.

Han legg til at tiltaka føreset at ein har beredskap og reinskar inntaka under flaum. NVE varslar eit møte med kommunen for å få meir kunnskap om det som skjedde.

Tiltak til 2,5 milliardar kroner

Som ei følgje av klimaendringane ventar NVE meir styrtregn framover. Det kan særleg gi auka skader i små og bratte vassdrag i tettbygde strøk.

NVE har i år gitt tilskot til mange kommunar for å kartlegga kritiske punkt i bekkar, slik at kommunane kan få betre oversikt over behovet for tiltak.

– NVE har laga ein oversikt over moglege flaum- og skredsikringstiltak over heile landet til ein estimert kostnad på om lag 2,5 milliardar kroner, seier fungerande direktør i Skred- og vassdragsavdelinga, Grethe Helgås.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg