Håret er viktig for kvinner, derfor har Britt-Synnøve Johansen grua seg ein heil del til dagen i dag. Dagen då heile håret blei klippa av.
– Mentalt slitande reise
– Nå kjenner eg meg faktisk ganske trøytt, seier Johansen like etter alt håret er vekke.
– Det vitnar om at dette har vore ei mental slitande reise for meg. Men nå er det endeleg gjort, og det er faktisk herleg, seier Britt-Synnøve Johansen.
Ho har hovudrolla i teaterstykket Helter, som har premiere på Haugesund teater 27. september.
– Eg gjer det berre for ei rolle
Stykket handlar om kreft, og det er derfor Johansen allereie nå må ofra håret.
– Eg har grua meg til dette, men eg gjer det trass alt berre for ein rolle, seier ho.
Nå skal ho inn i rolla som ei kreftsjuk kvinne som har fått cellegift, og derfor er utan hår.
– Mykje glede
Stykket handlar om fem kvinner frå 17 til 71 år som møter kvarandre på sjukehuset, dei har alle kreft.
Det er teatersjefen i Haugesund sjølv, som har skrive stykket. Ho understrekar at det er mykje glede, trass det alvorlege temaet.
– Me ser på korleis ein brukar ein livet sitt når det blir ein realitet å sjå døden i auga. Då er det mange som brukar livet sitt meir effektivt, skape fleire gode minner og laga meir lykke. I dette spekteret ligg det mykje glede, seier manusforfattar Birgit Amalie Nilssen.
Også Johansen trekk fram gleda i stykket.
–Undertittelen er ei dødsbra oppleving, og det blir det.
Ho meiner alt i alt at det er greitt å ofra håret sitt for å fortelja denne historia om kreft.
– Men eg kjem nok til å nytta med av parykk ein del, seier ho.