Hopp til innhold

Her set dei ny verdsrekord

Her kastar 15 kvinner seg ut i verdsrekordhoppet på Kjerag.

Verdsrekordhopp i Kjerag.

15 kvinner samla seg til verdsrekordhopp på Kjerag i går.

– Det er eigentleg berre noko me gjer for gøy, seier Kjersti Eide.

Torsdag samla 15 kvinner seg frå heile verda på Kjerag i Lysefjorden i Rogaland.

Målet var å slå den gamle kvinnerekorden i basehopping frå Kuala Lumpur. Den gong hoppa 11 jenter på ein gong.

– Det er få jenter i denne sporten, og me gjer dette for å visa at også jentene kan mobilisera, seier Eide.

Dei spreke damene lukkast med verdsrekordforsøket. I løpet av få sekund var dei nede på bakken etter å ha kasta seg utfor det 1000 meter høge Kjerag-platået.

– Nivået er veldig høgt og det er gøy å setja ny verdsrekord, seier Hege Ringard.

Les også: Her hopper hun fra 200 meter

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg