Hopp til innhold

Flørli skal trekka fleire turistar til Lysefjorden

Ved sida av Preikestolen og Kjerag skal Flørli bli det tredje turistpunktet i Lysefjorden. I dag var det opning av ny brygge og restaurerte trapper.

Trapper fra Flørli i Lysefjorden

VIDEO: Preikestolen og Kjerag i Lysefjorden er alt nasjonale turistattraksjonar. Nå er planen å få Flørli-trappene opp i same divisjon. Foto: Thomas Ystrøm

Per Morten Borgli og Ole Tom Guse på nyopning av Flørlitrappene

Leiar i fylkets kultur- og næringsutval, Pål Morten Borgli og ordførar i Forsand, Ole Tom Guse, stod for opninga av dei nyrestaurerte Flørli-trappene.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Ny brygge på Flørli

I dag har Flørli opna ei ny gjestebrygge og dei allereie kjende Flørli-trappene er restaurerte.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK
Trapper fra Flørli i Lysefjorden, Flørli kraftstasjon

Kraftstasjonen i Flørli blei sett opp mellom 1913 og 1918.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Me trur anlegget vil bidra til at båtfolk, enten de padler, ror, segler eller bruker motor, vil ta fjorden i bruk, skriv Ryfylke Friluftsråd i ei pressemelding.

Nå kan nemleg alle fortøya båten sin i Flørli. Her kan dei til dømes gå i dei 4444 restaurerte trappetrinna, eller besøka kafé og utstillingslokalet til Flørli velforeining i den gamle kraftstasjonen.

– Oppleving i seg sjølv

– Å gå trappa her er ei oppleving i seg sjølv. Dette kan bli eit mål i Lysefjorden på lik line med både Kjerag og Preikestolen, seier leiar i Lysefjorden utvikling, Audun Rake.

På opninga tysdag var om lag 80 personar. Blant dei var politikarar, som fann tid til ei aldri så lita tevling i trinna.

750 meter til toppen

Flørli er eit lite samfunn som ligg i Lysefjorden. Vasskrafta skapte bygda slik ho er i dag, og kraftstasjonen der blei sett opp i byrjinga av 1900-talet.

Både friluftsrådet, Lysefjorden utvikling og politikarar håpar no nyopninga skal lokka turistar til Flørli.

Men du skal helst ha god pust: Frå fjorden og opp til toppen er det nærare 750 meter. Rekorden opp skal vera 20 minutt, men de fleste andre brukar nærare to timar.

Trapper fra Flørli i Lysefjorden

Utsikt på toppen av trappa.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Flere nyheter fra Rogaland