Hopp til innhold

Bystyregruppa ønsker at Knutsen Hegdal går av som ordførar – melde seg ut av partiet

Ei einstemmig bystyregruppa bestemte at dei ikkje ønsker Sissel Knutsen Hegdal som ordførar. Ho har no meld seg ut av partiet.

Her ankommer Sissel Knutsen Hegdal krisemøtet i Stavanger Høyre

KRISEMØTE: Sissel Knutsen Hegdal var på plass få minutt før møte starta klokka 18.00.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Utmeldinga blir stadfesta av Trond Birkedal, som er presserådgjevar til Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal.

Det var Stavanger Aftenblad som først omtalte avskjeden med partiet.

Det betyr at fleirtalspartia i Stavanger, Høgre, KrF, Venstre, Frp og Pensjonistpartiet mistar fleirtalet sitt i kommunen.

Dei har fram til no hatt eit minimalt fleirtal med 34 mot 33 mandat i bystyret i Stavanger.

Bystyregruppa til Stavanger Høgre sat i møte i fleire timar torsdag. Møtet blei avslutta rett før 21:30. I etterkant av møtet opplyste bystyregruppa at dei ikkje lengre ønsker Sissel Knutsen Hegdal som ordførar.

– Sissel fortalde oss i førre veke at ho går av som ordførar. Ei einstemmig bystyregruppe meiner at det var ei riktig avgjerd. Det er viktig at vi nå får ei avklaring på når vi får ein fritakssøknad, sa fungerande gruppeleiar Hilde Karlsen i ei pressemelding torsdag kveld.

Ho held fram:

– Stavanger Høgres bystyregruppe startar nå arbeidet med å finne ein ny ordførarkandidat. Vi vil nå derfor i samarbeid med Stavanger Høgre sette ned ein nominasjonskomité for å finne ein ny ordførarkandidat slik at vi har kandidaten klar i god tid før Bystyret 14. oktober.

Hilde Karlsen i etterkant av krisemøte tordag.

Hilde Karlsen er fungerande gruppeleiar i Stavanger Høgre.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

Gruppeleiar Hilde Karlsen seier i etterkant av gruppemøtet at ho ikkje vil gå i detaljar om kva som har skjedd under møtet.

På spørsmål om Sissel Knutsen Hegdal ville akseptere avgjerda frå bystyregruppa svarte Karlsen at dei forheld seg til at Hegdal hadde sagt at ho ønskte å trekke seg.

– Eg tolkar ikkje utsegna frå i går som at ho ikkje ønsker å trekke seg, seier Karlsen.

– Vi kan ikkje føre byen ut i kaos, held ho fram.

Skal ha gått hardt ut mot Høgres hovudorganisasjon

Etter det NRK erfarer skal Sissel Knutsen Hegdal ha gått hardt ut mot Høgres hovudorganisasjon under kveldens krisemøte i bystyregruppa til Stavanger Høgre.

Ho skal ha påstått at Høgres hovudorganisasjon har truga ho, og skulda ho for å lyge. Ho meiner også at dei skal ha hevda at det hadde kome eit varsel mot ho.

Etter det NRK kjenner til skal Knutsen Hegdal meine at hovudorganisasjonen til Høgre har utsett ho for eit stort press i løpet av dei siste vekene og månadane.

Ho meiner denne framferda er fullstendig uakseptabel og panikkarta.

Informasjonssjef i Høgres Hovudorganisasjon, Iris Aunvik Tveten, seier at dei ikkje har nokon kommentar til skuldingane.

– Dette er lekkasjar frå eit møte og vi har ingen kommentarar til det.

Hilde Karlsen i Stavanger Høyre

Hilde Karlsen er fungerande gruppeleiar i Stavanger Høgre.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Hilde Karlsen seier i etterkant av møte i kveld at dei har vore usamde med hovudorganisasjonen til Høgre om enkelte ting.

– Men no skal vi jobbe saman, held ho fram.

Det er full forvirring rundt ordførarvervet i Stavanger

Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal varsla førre veke at ho ville trekke seg som ordførar.

Bakgrunnen er at ho under valkampen i 2023 brukte partimiddel til privat forbruk.

I kveld var det krisemøte i bystyregruppa til Stavanger Høgre.

Etter det NRK kjenner til skal Sissel Knutsen Hegdal gitt ei utgreiing for bystyregruppa før ho reiste frå møte. Bystyregruppa held fram med å diskutere etter Hegdal drog.

Høgres bystyregruppe reiser frå møte.

Bystyregruppa drog frå møte rett før halv ti i kveld. Bystyrerepresentant Cille Ihle var fremst i rekka.

Foto: Håkon Jonassen Norheim / NRK

I første omgang var det medlemmane av gruppestyre i bystyregruppa som møtte kvarandre til samtalar. Frå klokka seks skal heile bystyregruppa, inkludert Sissel Knutsen Hegdal, ha vore på plass.

Det har ikkje blitt gitt nokre andre signal om kva som er agendaen for møte i forkant.

Her ankommer ordfører Sissel Knutsen Hegdal krisemøtet i Stavanger Høyre

Etter det NRK kjenner til er dette første gong ho møter bystyregruppa etter ho varsla avgang.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

Det var likevel venta at spørsmål knytt til Hegdals avgang, og kven som eventuelt skal ta over som ordførar i Stavanger ville bli diskutert.

Hegdal er framleis ordførar

Onsdag stadfesta Stavanger kommune overfor Stavanger Aftenblad at Knutsen Hegdal ikkje hadde sendt søknad om fritak frå ordførarvervet.

For ar Knutsen Hegdal skal kunne gå av som ordførar må ho søke om fritak frå vervet, deretter må bystyret behandle og godkjenne søknaden.

– Eg er ordførar fram til ein eventuell søknad om fritak ligg føre. Foreløpig er eg sjukemeld, seier ho til avisa.

Fungerande gruppeleiar i Stavanger Høgre, Hilde Karlsen, sa til NRK onsdag at dei tar utgangspunkt i at Sissel Knutsen Hegdal har trekt seg frå vervet som ordførar.

Sissel Knutsen Hegdal, ordførerkandidat for Høyre i Stavanger under formannskapsmøte.

Ordføraren sa førre veke at ho ønskte å trekke seg frå ordførarvervet, men har ikkje levert søknad om fritak.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Varaordførar Henrik Halleland (KrF) er fungerande ordførar medan Knutsen Hegdal er sjukemeld.

Høgre har tidlegare varsla at dei ønsker å finne ein ny ordførarkandidat blant Høgres andre medlemar i bystyret.

Politiet valde førre torsdag å opprette sak mot Knutsen Hegdal. NRK har vore i kontakt med Sør-Vest politidistrikt, som seier det per nå ikkje er nokon ny utvikling i saka.

Det er full usemje mellom Høgre sentralt og Stavanger høyre om Hegdal-saka.

Torsdag førre veke varsla generalsekretær i Høgre Tom Erlend Skaug at partiet hadde sendt relevante dokument i saka til politiet. Stavanger høgre har ikkje ønskt å melde forholdet til politiet.