Hopp til innhold

Her er den sjeldne orkideen i trygg jord

Ein sterkt truga og freda orkidé er flytta frå midtrabatten på motorvegen til Mostun ved Mosvatnet i Stavanger. Nå ber både Naturvernforbundet og Vegvesenet om at folk lar den raudlista planta stå i fred.

Orkide-flytting

FLYTTESJAU: Det er bygginga av Ryfast som gjer at orkideen må flyttast.

Foto: Magnus Stokka

Den freda orkideen med namn Purpurmarihånd har slått rot i midtrabatten på E39 motorvegen mellom Vålandsskogen og Mosvatnet i Stavanger.

På grunn av bygginga av Ryfast må den flyttast, og torsdag etter morgonrushet starta flyttesjauen.

– Orkideen er freda gjennom lova. For at me skulle få halda fram med Ryfast-prosjektet måtte me få dispensasjon frå Miljøverndepartementet til å få flytta den sjeldne planta, seier Mette Alsvik, miljøansvarleg for Ryfast-prosjektet i Statens vegvesen.

Kan ha kome med jordmassar

Mette Alsvik

Mette Alsvik, miljøansvarleg for Ryfast-prosjektet i Statens vegvesen.

Foto: Magnus Stokka

Ho fortel at Purpurmarihånd var meir vanleg for ein del år tilbake. Dei siste 30 åra har det vore stor tilbakegang av denne typen orkide.

– Korleis slo den rot i midtrabatten på motorvegen?

– Den kan ha kome med jordmassar i samband med bygginga av motorvegen, men det veit me ikkje sikkert. Bak sanddynene på Jæren hadde vore eit meir naturleg leveområde.

Vegvesenet er pålagt å flytta truga og freda artar til nye eigna plassar når dei skal bygga nye vegar.

Då det raudlista dvergålegraset blei flytta frå Sømmevågen i Sola for ei tid tilbake blei det først framstilt som om prislappen på å flytta graset kom på fleire titals millionar kroner.

Prisen har seinare blitt korrigert ned av både Naturvernforbundet og prosjektleiaren i Vegvesenet, som har sagt at dei fleste millionane har gått til andre oppgåver knytt til vegprosjektet.

Denne flytteprosessen krev berre eit par timars arbeid og kostar derfor ikkje meir enn nokre tusenlappar, ifølge Vegvesenet.

Naturvernforbundet: – Viktig arbeid

Orkide-flytting2

Her blir orkideen flytta frå E39.

Foto: Magnus Stokka

Håkon Fossmark er dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland. Han meiner det er viktig å ta vare på truga artar som orkideen ved E39.

– Kvar dag blir det utrydda 100 artar i verda, og det skjer i eit tempo me aldri har sett makan til før. Derfor er det både viktig og riktig at det blir lagt ned nokre arbeidstimar i å flytta denne sjeldne og utryddingstruga orkideen, som det berre finst nokre få eksemplar av i Norge.

Fossmark seier Naturvernforbundet skal gjera sitt beste for å ta vare på orkideen på Mostun. Plantene blir gjerda inne, men Fossmark ber også publikum om hjelp.

– Det viktigaste er at folk lar plantene stå i fred.

– Me ber folk vera ansvarlege, og det er forbod mot å plukka dei, avsluttar Alsvik i Vegvesenet.

Orkide

Orkideen er ikkje akkurat i full blomst i starten av mars, men er nå trygt plassert i jorda på Mostun.

Foto: Magnus Stokka