Hopp til innhold

– Dvergålegraset får unødvendig harselas

Naturvernforbundet meiner det omdiskuterte dvergålegraset har fått unødvendig mykje pepar og harselas i samband med førearbeidet til den nye seksfeltsvegen ved flyplassen på Sola.

Naturvernforbundet er kritisk til det dei meiner er harselas av dvergålegraset.

Erik Thoring er kritisk til det han meiner er harselas av dvergålegraset. Her er han i Leirberg, der det tidlegare var ein søppelfylling. Det er her dvergålegraset i Sømmevågen skal flyttast til. Foto/redigering: Arild Eskeland.

– Dvergålegraset i Sømmevågen i Sola har blitt heilt feil framstilt i media. Eg reagerer når viktig arbeid med å bevara truga artar blir harselert med på denne måten, seier dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring, til NRK.no.

Fylkesleiaren i Naturvernforbundet viser til alle nyheitssakene om den raudlista plantearten dvergålegraset i samband med bygginga av den nye bilvegen i Sømmevågen ved flyplassen i Sola, riksveg 509.

– Heilt feil framstilling

Erik Thoring

Erik Thoring i Naturvernforbundet.

Foto: Siri Bjelland Berven / NRK

Overskriftene og hovudbodskapen i dei aller fleste nyheitssakene i lokalmedia har gitt inntrykk av at det blir brukt fleire titals millionar kroner på å flytta ein sjeldan type gras til eit område like ved.

I denne artikkelen til NRK Rogaland frå mars i år er overskrifta at det kostar minst 28 millionar kroner å flytta plantene. Seinare er prislappen på grasflyttinga heva til 50 millionar kroner. Dette blir ei heilt feil framstilling, meiner Thoring.

– Det er ingen tvil om at størstedelen av desse 50 millionane har gått med til å rydda opp i gamle synder, seier Thoring, og viser til arbeidet med å reinska opp i ein søppelfylling på Leirberg like ved Sømmevågen.

Området har blitt rydda for søppel og avfall slik det kan bli frigjort til dvergålegraset som skal flyttast frå Sømmevågen. Det er dette omfattande oppryddings- og tilretteleggingsarbeidet som kostar pengar, ikkje flyttinga av graset, ifølgje Thoring.

– Det er positivt at dei ryddar opp, samtidig som dei tar vare på graset ved å flytta det. Men eg meiner journalistar og media har svikta i arbeidet med å informera om dette. Dessutan har eg ein mistanke om at Vegvesenet ikkje har vinkla bodskapen sin slik dei burde.

Vegvesenet: – Mykje som kostar

Odd Magnar Nerland, prosjektleder i Statens vegvesen

Odd Magnar Nerland, prosjektleiar Statens vegvesen.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Statens vegvesen gir Thoring i Naturvernforbundet rett i at dverålegraset berre står for ein mindre del at utgiftene i samband med førearbeidet med den nye vegen i Sømmevågen.

– Det er utan tvil oppryddingsarbeidet til det nye området for graset som har kosta. I tillegg går det med pengar til maskinarbeid, arkeologiske utgravingar og planlegging, seier prosjektleiar i Vegvesenet, Odd Magnar Nerland, til NRK.no.

– Har dvergålegraset blitt framstilt som syndebukk for eit arbeid til 50 millionar?

– Me har kanskje fått litt urettmessig mykje kritikk. Men vegbygging er litt som fotball; alle vil meina noko.

– Kunne vegvesenet vore flinkare til å informert om kva pengane faktisk blir brukt til i dette prosjektet?

– Nei, det synst eg ikkje er vår oppgåve. Det er enkelt å snakka om brei informasjon. Men prosjektet har vore ute til regulering og uttale frå alle partar, så det var godt kjent i reguleringsfasen kva som skulle skje. Det bør halda, seier Nerland.

Vegen klar i 2016

Heller ikkje Thoring i Naturvernforbundet meiner det har vore hans oppgåve å informera om pengebruken i Sømmevågen på eit tidlegare tidspunkt, sjølv om han sat på bilete frå den omtala søppelfyllinga frå 2009.

Flyttinga av dvergålegraset frå Sømmevågen til det nyplanerte området like ved tok til i august. I mai tek arbeidet med oppgraderinga av riksveg 509 til. Målet er å vera ferdig med vegen i løpet av 2016.

Her er bilete Erik Thoring tok i 2009 av søppelfyllinga i Leirberg (der dvergålegraset nå blir flytta til).