Hopp til innhold

Her blir brudeparet skikkeleg overraska

Mora hadde klart å halda på hemmelegheita i nesten eitt år. – For oss gjorde det bryllaupsdagen heilt perfekt, fortel brura Ingrid Dirdal Kydland.

Se hva som skjer i kirken under bryllupet

Då dei trudde bryllaupet nærma seg slutten skjedde dette.

Dei siste dagane har bryllaupsvideoen til Ingrid og Andreas Dirdal Kydland frå Sandnes spreidd seg på Facebook. Årsaka er den høgst uvanlege avslutninga på seremonien, som mora hadde planlagt ned til minste detalj.

– Eg ville ha det nett som i filmen «Love Actually». Skikkeleg sukkersøtt med andre ord, fortel Ingeborg Dirdal.

Ingrid og Andreas Dirdal Kydland

Slik blei bryllaupsbilete til Ingrid og Andreas Dirdal Kydland, det vil likevel vera videoen til mora flest folk vil hugsa frå bryllaupet.

Foto: Elisabeth Tønnessen

– Nei, dette var jo ikkje planen

For då bryllaupsmarsjen skulle setja i gang i Sandnes kyrkje, gjekk organisten over til Beatles sin «All You Need Is Love». I publikum sat fleire kormedlemmar og Stavanger Storband som reiste seg og blei med på songen.

– Me blei skikkeleg overraska. Først tenkte eg: 'Nei, dette var jo ikkje planen'. Men så gjekk det over i glede. Me blei begge verkeleg rørte. Det gjorde dagen komplett, seier Ingrid som var imponert over at mora klarte å halda det heile hemmeleg for henne.

Bryllaupet var i mai, men det var først for eit par dagar sidan at Ingeborg la ut den ferdigredigerte videoen på Facebook-sida si.

– Responsen har vore svært stor. Eg er overraska over kor mange som ser den og delar den. Eg får mange positive tilbakemeldingar, seier Kydland Dirdal, som er godt nøgd med både ekteskapet og måten det blei inngått på.