Hopp til innhold

Henta ned frå fjellet med brannskader

Ei kvinne (23) på telttur i Hjelmelandsheia måtte fraktast til Stavanger universitetssjukehus etter eit uhell under matlaging.

Kvinna var på telttur i Hjelmelandsheia saman med sambuaren sin då uhellet med matlagingsapparatet skjedde.

– Det var dårleg vêr i området. Det gjorde at me var usikre om helikopter kunne komma inn. Derfor blei frivillige mannskap kalla inn som backup, fortel redningsleiar Kjetil Hagen hos Hovudredningssentralen Sør-Norge.

Men helikopteret kom fram og 23-åringen blei frakta til Stavanger universitetssjukehus.

Det er usikkert kor hardt skadd kvinna er, men det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader.