Hopp til innhold

Garborgs Haugtussa blir opera

Arne Garborgs berømte diktverk Haugtussa blir opera, 120 år etter at Jærens store diktar gav ut historia om Veslemøy.

Opera Haugtussa

ØVING MÅ TIL: Her øver Stavanger Oriatoriekor til operaen.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– På same måte som Grieg har sagt det, at musikken berre sprett ut, slik har faktisk eg også opplevd i dette her. Melodien kom til meg veldig lett, fortel komponist Ole Karsten Sundlisæter.

Han har laga musikken til ein ny operaversjon av Arne Garborg sin berømte diktsyklus Haugtussa, som handlar om Veslemøy sin veg frå ung jente til moden og vis kvinne.

Melodiøs opera

I Frue Kyrkje (Hetlandkyrkja) i Stavanger er han i gang med prøvar saman med Stavanger Oriatoriekor, for å bli klar til urpremieren under Oslo Operafestival 1. november.

– Eg tykkjer det er spanande å jobba med musikk i større format som skal ta opp store tema. Då var Haugtussa veldig nærliggande å starta på, seier Sundlisæter.

Høyr reportasjen her.

– Det er veldig melodiøs opera, seier komponisten.

– Korleis blir dette samanlikna med Grieg?

– Rytmen i teksten blir spegla i begge musikkuttrykka, men mitt uttrykk er meir fritonalt. Du vil ikkje høyra noko Grieg her, men du vil høyra at er inspirert av dei store romantikarane, fortel han.

Ole Karsten Sundlisæter

KOMPONIST: Ole Karsten Sundlisæter.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Dei store spørsmåla blir stilt

Tekstutvalet er gjort av forfattar Kirsti Birkeland, og ifølgje komponisten er det aldri før laga eit så omfattande musikalsk verk basert på Haugtussa frå 1895 og oppfølgjaren I Helheim, som kom seks år seinare.

– Det er ikkje noko tull. Garborg vil til kjernen i ting. Kven me er, kva me vil, kvar me vil. Dei store spørsmåla blir tatt opp, seier Sundlisæter.

Inger Undheim

– KRONJUVEL: Det er ordet Inger Undheim brukar om Haugtussa.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Edvard Grieg tonesette åtte Haugtussa-dikt, og fleire komponistar har laga seriar med Haugtussa-songar. Det har også vore nokre sceniske versjonar, som ved Rogaland Teater i 2011. Men no kjem altså den første store operaversjonen, 120 år etter at Jærens store diktar skreiv det berømte verket.

– Haugtussa er eit tvers gjennom musikalsk verk. Det er veldig stas, eg kunne ikkje tenkt meg ein betre slutt på Haugtussa-året, seier Inger Undheim, direktør ved Nasjonalt Garborgsenter på Bryne.

Stavanger Oriatoriekor

ØVING GJER MEISTER: Stavanger Oriatoriekor har litt over ein månad på seg før urpremieren på Oslo Operafestival 1. november.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Kronjuvel

Undheim meiner Haugtussa er ein kronjuvel i norsk litteratur, og er veldig glad for at I Helheim også er med i operaverket.

– I Helheim er ein slags Haugtussa 2. Der blir Veslemøy med søstera ned i dødsriket for å koma djupare inn på kva det gode i mennesket er, seier Undheim.

Etter urpremieren på «Haugtussa i Helheim» i Oslo, kjem operakonserten i kammerversjon til Frue kyrkje (Hetlandkyrkja) i Stavanger og til Nasjonalt Garborgsenter på Bryne i slutten av november – då med to klaver i staden for orkester.