Hopp til innhold

Lite søvn for Kleppspelarar

Spelarane på Klepp sitt gutelag måtte evakuera hotellromma der dei budde i natt. Storbrannen i Kristiansand sentrum skjedde rett over gata.

Utsikta frå Comfort hotel i Kristiansand, søndag morgon.

Utsikta frå Comfort hotel mot branntomta i Kristiansand, søndag morgon.

Foto: Fredrik Solberg

– Klokka var tre på natta då me brått høyrde politisirenar ute i gata, og me såg at det lyste bak gardinene på hotellrommet, fortel Martin Sunde.

Lagleiar for G16-laget til Klepp IL, Martin Sunde.

Lagleiar for G16-laget til Klepp IL, Martin Sunde. - Me såg flammar som sto ut av taket på trebygningen rett over gata.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Han er lagleiar for gutelaget G16 til Klepp IL. Dei var i Kristiansand for å spela i Trollcup, og budde på Comfort hotell i sentrum av byen.

– Me kikka ut og såg at det kom ein flamme ut av eit av trehusa på andre sida av gata. Dette utvikla seg fort og etter eit kvarters tid såg me også flammar som sto ut av taket på bygget, fortel Sunde.

Vakna av brannen

Tønnes Rosland spelar på G16-laget til Klepp og budde også i eit rom som hadde vindu ut mot brannen på andre sida av gata.

Tønnes Rosland (til høgre) og keeper Sondre Vestbø Kyllingstad

Tønnes Rosland (til høgre) vakna på hotellrommet av at ei rute sprakk. Til venstre står Sondre Vestbø Kyllingstad.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Plutseleg høyrde eg eit høgt smell og då var det eit vindusglas som knuste, fortel han.

– Det er brann, sa ein annan på rommet.

Etter kvart fekk dei beskjed om at varmen var så sterk at eit vindu i hotellet der dei budde hadde sprukke, og kort tid etterpå gjekk også brannalarmen på hotellet.

Dei blei samla i lobbyen på hotellet, og var der ei stund. Men så følte nokre av dei seg svultne.

– Så me gjekk på MacDonalds og sat der ei god stund. Deretter gjekk me bort til brannområdet og prata med ein politimann, før me gjekk tilbake til hotellet, fortel Tønnes Rosland.

Ingen panikk

Lagleiar Martin Sunde fortel at han aldri blei alvorleg redd, sjølv om brannen i tre trehus pågjekk like på andre sida av gata frå hotellet han budde på.

Heller ikkje Tønnes Rosland opplevde det som skjedde som veldig dramatisk.

– Det såg ut som brannvesenet hadde kontroll, seier han.

Dårleg oppladning

Gutelaget til Klepp skulle spela kamp mot Hinna klokka 08 på søndags morgon. Ei stund var dei i tvil om dei fekk koma tilbake på rommet og få med seg fotballutstyret i tide, men det ordna seg i seks-tida på morgonen.

G16-laget til Klepp IL mot Hinna i Trollcup 2016 i Kristiansand

G16-laget til Klepp IL mot Hinna i Trollcup 2016 i Kristiansand. Klepp tapte 2-0.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Då hadde ein del av oss venta i tre-fire timar i lobbyen og det hadde blitt fint lite søvn både på leiarar og spelarar, seier Martin Sunde.

Verken han eller Tønnes Rosland er heilt sikre på om det var det som var årsaka, men dei tapte i alle fall kampen 2-0.

Flere nyheter fra Rogaland