I kveld og i morgon kveld er kyrkja open for publikum mellom klokka sju og ni.
Då vert det lystenning og musikk og representantar frå kyrkjelyden er til stades for dei som treng nokon å snakka med om drapet, seier prest i Time prestegjeld, Arne Bergset.
Politiet veit ennå ikkje kven som drap Lode på Bryne natt til søndag, men i følge Dagbladet har dei som bur ved drapsstaden sett ein ukjent mann i Herigstadvegen fleire gongar i løpet av dei siste vekene.
Dette er svært interessant for politiet, fordi mannen vert beskrive omtrent på same måte som mannen politiet trur er gjerningsmannen.