NRK Meny
Normal

Grønt lys til Transportkorridor Vest

Politikarane i Sola gav grønt lys til gigantprosjektet Transportkorridor Vest, som blir den nye hovudvegen mellom Tananger og Randaberg. NHO-sjefen i Rogaland er imponert over det politiske handverket.

Hafrsfjord bru

Hafrsfjord bru er ein del av Transportkorridor Vest.

«Wow. Det er utrolig bra politisk håndverk. Nå har vi plutselig et prosjekt som er klart til oppstart, som gir mange jobber nå, men også rigger oss for fremtiden...».

Slik oppdaterer NHO direktør i Rogaland, Svein Olav Simonsen, facebookstatusen sin etter at fleirtalet i kommunestyret i Sola og kommunalstyret for byutvikling i Stavanger torsdag kveld gav grønt lys til Transportkorridor Vest.

Den nye vegen skal gå frå Sømmevågen ved flyplassen på Sola, forbi Risavika og til E39 på Harestad i Randaberg.

Prosjektet inneber ei utviding av riksveg 509 til fire felt frå Sømmevågen til Sundekrossen. Her skal to av felta vera forbehaldt tungtrafikk og kollektivtrafikk. I desember 2014 starta bygginga av riksveg 509 Sømmevågen vest og Flyplassvegen.

Det har kome mange innvendingar mot planane, men fleirtalet av Sola-politikarane ønska fortgang i arbeidet med den nye vegen og ønska derfor å ferdigbehandla saka, skriv Solabladet.

– Det me held på med her er ganske stort. Endeleg kan me få ei trafikkløysing som løyser mange av dei problema me har i Tananger, seier Siv-Len Strandskog (Ap) til avisa.