Hopp til innhold

Grease-musikal har selt 8.000 billettar i Haugesund

8.000 har allereie sikra seg billett til musikalen Grease i Haugesund, som har premiere på torsdag. Og teatersjefen lovar ei litt røffare forteljing enn originalen.

Torsdag er det premiere på musikalen Grease i Haugesund.

SJÅ REPORTASJEN: Fengjande musikk og velkjend dans til "Greased lightning" er noko av det publikum får sjå.

Torsdag er det premiere på musikalen Grease i Festiviteten i Haugesund.

– Me er veldig spente, seier Håvard Eikeseth, som spelar Danny.

Grease vart først sett opp som musikal på Broadway i New York i 1972, men flest kjenner nok historia frå filmen som kom i 1978. I Grease møter me tøffingen Danny Zuko og den litt meir rolege og reserverte Sandy Olsson. Ting går sin gang, og sjølvsagt blir dei saman til slutt.

Men denne oppsettinga vil ifølgje teatersjefen bli ein litt røffare versjon.

– Det skal vera flott og fint, og mykje eleganse og koreografi som kjem til å sjå veldig bra ut. Men me skal heile tida prøva å få fram litt «rock 'n' roll-rustikk», og ikkje det glansa biletet mange sikkert har av Grease, seier Erik Schøyen, teatersjef ved Haugesund teater.

På torsdag skal dei første publikummarane få sjå musikalen. Men alt er ikkje på plass endå, sjølv om det berre er nokre få dagar att.

– Slik er det alltid. Ting blir endra heilt til siste liten, og det gjeld å ta med seg alt og gjera det perfekt på premieren, seier Eikeseth.

– Dei har masse å gleda seg til. Me skal i alle fall gjera alt me kan for at dei skal bli nøgde, seier Lene Kokai Flage, som spelar Sandy.

Flere nyheter fra Rogaland