Hopp til innhold

Gleder dei som gruar seg til jul

Det er mange som slett ikkje gleder seg til jul. Desse vil Kirkens bymisjon gi eit tilbod til. I Stavanger starta innsamlingsaksjonen med opphenging av skjerf i sentrum i morgontimane.

Kirkens bymisjon henger opp skjerf i Stavanger sentrum.

VIDEO: Kirkens bymisjon heng opp skjerf til dei som ikkje har.

Innsamlingsaksjonen orangesjerf i Stavanger

Fleire av desse skjerfa blei hengt opp i Stavanger sentrum i morgontimane på tysdag 28. oktober

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Dei oransje skjerfa skal minne folk om at det er mange som ikkje ser fram til julefeiringa, fordi dei ikkje har nokon å dele den med, seier gateprest Per Arne Tengesdal i Stavanger bymisjon.

– Og skjerfa skal ikkje berre henge der. Er det nokon som frys, eller kjenner nokon som gjer det, så ta endeleg med eit skjerf, seier Tengesdal.

Årleg aksjon

Kvart år, når det nærmar seg jul, drar Kirkens bymisjon i gang denne aksjonen i byane rundt om i landet. I dag, Tysdag 28. oktober, er tilsette og friviljuge ute i Stavanger sentrum for å skape blest om innsamlinga.

– Me skal dele ut mandarinar og informasjonsmateriell til folk, slik at dei blir merksame på alle dei som treng hjelp, seier Tengesdal.

Sjølve innsamlinga skjer via SMS, der gjevarane kan gi to middagar til ein pris av totalt 80 kroner.

Planane framover

I november skal bymisjonen ha stand inne på kjøpesenteret Arkaden i Stavanger sentrum og søndag 7. desember er det tid for den årlege julekonserten i St. Petri-kyrkja, «Me jule deg opp» i samarbeid med Rogaland Teater.

Orangeskjerf-aksjonen i Stavanger

Også lyktestolpane i Stavanger sentrum blir utstyrt med oransje skjerf frå Kirkens bymisjon.

Foto: Silje Bråstad / NRK