Hopp til innhold

Han redda filmen han i dag skal sjå på TV

Ola Sandvold er ein av investorane som har tapt store pengar på «Wide Blue Yonder». Likevel gler han seg til å sjå skandalefilmen sin TV-premiere i kveld.

Ola Sandvold

Ola Sandvold er investor og alt-mogleg-mann på filmen «Wide Blue Yonder». Han fekk mellom anna prøva seg som skodespelar.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Skandalefilmen Wide Blue Yonder skal endeleg visast på TV. TV2 har kjøpt rettane til filmen som er spelt inn i Haugesund-regionen sommaren 2007, og filmen blir mellom anna vist på TV2 Filmkanalen seint i kveld.

Wide Blue Yonder, eller Begravelse til besvær, som den heiter på norsk, blei først vist på kino i 2012 etter mange års pengekrangel. Totalt sett har ulike investorar og kreditorar tapt rundt 15 millionar kroner på filmproduksjonen. Ein av desse er Ola Sandvold, men han gler seg likevel stort over at filmen endeleg blir vist på TV.

– Eg meiner filmen er bra, og eg er veldig glad for at den nå blir vist slik at alle kan få sjå den, seier Sandvold i eit intervju med NRK.

Fem såg filmen i Fredrikstad

Veldig få fekk nemleg med seg kinoversjonen.

– Den blei sett opp på kino i pinsen for to år sidan, og dette var akkurat då sommaren kom det året. Derfor var det svært få som gjekk på kino. I Fredrikstad var det fire førestillingar og det var til saman fem personar som såg den, seier han og ler litt.

Sjølv har han namnet sitt på rulleteksten tre plassar. Som skodespelar, assisterande produsent og lokalkjend rådgjevar. Likevel var det tilfeldig at han hamna i produksjonen.

– Det stemmer, eg kom borti produksjonen då dei var på jakt etter ein stad der det kunne gå føre seg smugling. Eg har ein båtgarasje, som eg meinte egna seg veldig bra. Derfor tilbydde eg dei å bruka denne til innspeling. Deretter bala det på seg ved at eg viste dei kor dei kunne skaffa ting, hjelpte dei med å finna båtar og plassar til å spela inn. Derfor blei eg veldig involvert i heile innspelinga, fortel han.

Lånte pengar

Men han skulle også bli filmens redningsmann. Skodespelarane gjekk til streik tre dagar før filminnspelinga var slutt i 2007.

– Filmarbeidarane pakka saman og ville ikkje jobba meir før dei hadde fått utbetalt pengar. Eg tilbydde meg å låna vekk pengar, slik at skodespelarane skulle få løn, dette er pengar som eg ikkje fekk attende, fortel han.

Han forklarer at hovudårsaka til at filmsamarbeidet mellom Skottland og Norge kom så skeivt ut økonomisk var finanskrisa som råka ein av investorane frå Skottland hardt.

Men trass pengetap og mykje hovudbry skal han benka seg i sofaen i kveld.

– Ja, eg skal sjå filmen på TV, sjølv om eg har sett den eit par gonger på kino, fortel han.