Hopp til innhold

Gir opp storkommune

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Fleire års arbeid og nærmare ein million kroner i budsjett, har ikkje ført Ryfylkekommunane nærmare saman.

Nils Moldøen, daglig leder i Ryfylke IKS

Nils Moldøen, dagleg leiar i Ryfylke IKS

I går sette Ryfylke IKS strek for arbeidet med å slå saman Ryfylke til ein kommune.

– Det er ikkje politisk grunnlag for ein storkommune, seier dagleg leiar i Ryfylke IKS, Nils Moldøen.

Store planar

For eitt og eit halvt år sidan, presenterte Telemarkforskning ein rapport om kva fordeler og ulemper kommunesamanslåingar i Ryfylke kunne føra med seg. Rapporten botna i ei erkjenning av at folketalet i mange Ryfylkekommunar er for lite til å sikra ei god utvikling i åra framover.

To scenario

Rapporten la fram to ulike tankar. Enten ein eller to kommunar i Ryfylke. I det andre forslaget skulle Etne, Vindafjord, Sauda og Suldal slå seg saman og så skulle Hjelmeland, Strand, Forsand og kanskje også Finnøy, gjera det same.

Ikkje gjennomførbart

– Den einaste moglegheita som nå står igjen er at Hjelmeland kan ta initiativ i forhold til Strand og Forsand, seier Moldøen.

– Partiet Høgre i Hjelmeland var positive til samanslåing, då dei var i mindretal før valet i haust. Nå har dei fleirtal og Strand har kommunestyrevedtak på at dei vil vera positive til å gå saman med både Hjelmeland og Forsand, seier Moldøen.