Hopp til innhold

Gir opp å finne mann (77) i live

Hovudredningssentralen gir opp å finne ein 77 år gammal mann i live, etter at gummibåten hans blei funnen tom i sjøen sør-aust for Rennesøy i Rogaland. Leitinga blei avslutta for dagen, klokka 17, laurdag.

Kystvaktskipet KV Ålesund

Kystvaktskipet KV Ålesund. Foto: Forsvaret

Foto: Forsvaret

Den 77 år gamle mannen har vore sakna sidan torsdag føremiddag. Det er familien som har meldt frå om at mannen ikkje kom tilbake etter ein båttur. Bilen hans blei funnen parkert ved Lundsvågen båthamn på Hundvåg.

Les også: Båten ble funnet tom

Fredag kveld, omlag 21.30, fant eit Sea-King-helikopter mannen sin gummibåt. Den fart funnen sør-aust for Rennesøy og var tom.

Stor leiteaksjon

Etter at både redningshelikopter og kystvakten, saman med fleire andre båtar har søkt etter mannen både fredag kveld og heile laurdagen, er leitinga nå innstilt for kvelden.

HRS opplyser at leiting skal takas opp igjen i morgon tidleg, søndag, men at dei nå ikkje lengre reknar det som truleg at mannen kan finnast igjen i live.

Sea King

Eit av Hovudredningssentralen sine Sea-King-helikopter var også med i leiteaksjonen. (Arkivbilde)

Foto: Jon Vaag Eikeland / Forsvaret

Flere nyheter fra Rogaland