Hopp til innhold

Gassanlegg til 1 milliard

Med Lyse Energi i spissen blir det nå satsa ein milliard kroner for å bygge eit anlegg for flytande nedkjølt naturgass på nord-Jæren.

Planlagt LNG anlegg i Risavika

Planlagt LNG anlegg i Risavika

Foto: Illustrasjon

Det er Lyse Energi, investeringsselskapet Celsius, med base i Stavanger og reiarlaget IM Skaugen, som går saman for å bli ein ny stor leverandør av nedkjølt, flytande naturgass, såkalla LNG.

Det nye anlegget i Risavika i Sola, får kapasitet til å produsere 300 000 tonn LNG kvart år.  Det er nok energi til å dekke årsbehovet for Stavanger to gonger. Stavanger har omlag 118 000 innbyggjarar.

Produksjonsanlegget skal etter planen stå ferdig i 2010. Anlegget skal eigast og drivast av selskapet Skangass, som Lyse (50%) og det lokale investeringsselskapet Celsius Invest (50%) står bak.

Det er inngått ein avtale med Shell om leveranse av 200 millionar kubikkmeter naturgass årleg frå Kårstø-terminalen gjennom Lyse sitt gassrøyr til Risavika i Sola.

Naturleg utvikling

- Det er ein naturleg vidareføring av gassverksemda at me nå involverer oss i produksjon av LNG og byr oss fram til gassmarknader også utanfor Norge.

- For Lyse representerer dette ein unik forretningsmulighet og eit vesentleg bidrag til miljøet. Samstundes er me glade for at Stavanger-regionen har investorar som er i stand til å vera med oss på et slikt stort løft, seier konsernsjef Eimund Nygaard i Lyse.

Eksport til nord-Europa

Salg og levering skal skje gjennom selskapet Nordic LNG. Dette selskapet er eigd av Skangass (60%) og IM Skaugen (40%).

Reiarlaget er ein av dei leiadende transportørane i verda av gass og har for tida ti svært avanserte LNG-tankskip under bygging.

Nordic LNG vil nytte IM Skaugen sine skip for transport av nedkjølt, flytande naturgass frå Risavika til selskapet sine kunder.

 

Med ein årleg leveranse på 300.000 tonn vil Nordic LNG vera europeisk marknadsleiar for dette produktet. Dei første kontraktane om gassleveransar i Sverige er allereide inngått, blant andre med AGA.

Nordic LNG har hittil sikra kundar til nærare 20 prosent av produksjonskapasiteten i Risavika.

Linde med på laget

Kontrakten om levering av nedkjølingsanlegget for naturgass i Risavika blei inngått med det tyske engineering-selskapet Linde før helga og byggearbeida kjem truleg i gang over sommeren.