Gartneri seier opp tilsette

Rundt 15 tilsette blir sagt opp ved Wiig gartneri og Miljøgartneriet. I tillegg har mellom 15 og 20 tilsette fått permitteringsvarsel. Det seier Kåre Wiig til NRK. Årsaka er den høge prisen på straum og gass. Han seier dei taper meir på å drive fram plantene enn å kaste dei.

Wiig Gartneri er eitt av dei største gartneria i Noreg.

Kåre Wiig i Wiig Gartneri
Foto: Tuva Skei Tønset / NRK