Hopp til innhold

Full storm laurdag kveld

På utsette stader i Rogaland kan det bli ein vindstyrke opp mot 25 meter i sekundet i kveld. Området ved Obrestad fyr på Jærkysten er ein stad der vinden kjem ekstra godt til.

Det er meldt storm til kvelden på Obrestad på Jærkysten.

Bølgene slo kraftig inn mot Jærkysten alt tidleg på laurdag ettermiddag. Foto: Thomas Ystrøm

Meteorologisk institutt går ut med eit OBS-varsel når det gjeld vindstyrken i Rogaland denne laurdagen.

Tidleg på ettermiddagen blir det liten kuling frå søraust. Ut på kvelden må dei som er på stader der vinden får tak, rekne med liten storm og kanskje også så mykje som full storm.

Snøfokk i Hunnedalen

Med den sterke vinden som er i vente, kan vegen gjennom Hunnedalen liggje utsett til. Dette bildet er frå 2013.

Foto: Martin Meling

I fjellet betyr det snø og snøfokk i terrenget og at det blir vanskeleg å ta seg fram på vegane.

LES OGSÅ: NRK SIN TRAFIKKINFORMASJON

Ta omsyn til vêret i fjellet

Vinden er så sterk at dei som er i fjellet må vera forsiktige med å ta ut på for lange turar. Trøysta er at vinden minkar seint i kveld. På søndag er den nede i frisk bris frå sørvest.

I låglandet blir det regn laurdag ettermiddag og kveld. Over 4–600 meter kjem nedbøren som snø.