Kommunestyret i Haugesund skulle i dag ha bestemt seg for om det blir fotballbane eller ikkje på Haraldsvang, men politikarane hadde vanskeleg for å bli einige. Saka blir derfor utsatt og skal opp i bystyret 2.mai.
Haraldsvang er kjend som eit rekreasjons-og friluftsområde med rikt fugleliv, men no vil fotballspelarar i Haugesund bryte idyllen. Dei ynskjer å byggje ein grasbane i området, men fugleelskarane protesterer og meiner dette vil øydeleggje for fuglelivet.
Eitt av argumenta for å behalde området slik det er i dag, er at fotballbanen treng eit nett for å hindre at ballane går i vatnet. Dermed kan ein risikere at fuglane set seg fast i nettet. Ein annan grunn er at ein fotballbane vil føre med seg mykje bråk, og Haraldsvang vil dermed miste sin funksjon som rekreasjonsområde.
1:51
Sigmund Hansen