Hopp til innhold

Fryktar mjølkemangel i 2015

Sidan 2006 har over 4700 mjølkebønder kasta inn handkledet i Norge. – Dersom den uroande utviklinga held fram, kan me allereie i 2015 produsera for lite mjølk til den norske marknaden, seier leiar for Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal.

Melk

Norges Bondelag er urolege for at det blir færre og færre mjølkebønder.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Ola Andreas Byrkjedal

Ola Andreas Byrkjedal er leiar i Rogaland bondelag. Rogaland er det fylket i landet som står for den største delen av mjølkeproduksjonen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Utviklinga me ser hos mjølkebøndene er svært urovekkjande, seier leiar for Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal.

Han refererer til Nationen sitt dagsferske oppslag om at mjølkebønder forsvinn i tre gonger så stort tempo, enn generelt i jordbruket.

Kvart år sluttar 6,2 prosent norske mjølkebønder i landet, noko som vil sei at over 4700 har slutta sidan 2006.

Ei takhøgd

I stor grad betyr denne nedgangen at dei mjølkebøndene som er att får fleire kyr, og produserer meir mjølk.

Men snart er ei takhøgd nådd, ifølgje Byrkjedal.

– Sjølv om nedgangen hittil har ført til volumauke for oss som framleis driv med mjølk, byrjar det å bli metta. Allereie rundt 2015 kan det gå på mjølkeproduksjonen laus, seier Byrkjedal. Han viser også til at det har vore stor nedgang i talet på mjølkekyr.

Tine er også urolege

Konsernstyremedlem i Tine, Askild Eggebø, delar frykta for at Norge ikkje skal kunna forsyna seg sjølv med mjølk i framtida.

– I Tine skal me forsyna den norske marknaden med norsk råstoff. Med med så stor avgang hos bøndene, ser me at kapasiteten hos dei som framleis driv med mjølk søkk. Derfor aukar faren for at me får permanent underdekning av mjølk her i landet, seier Eggebø.

– Kor viktig er det at me klarar å forsyna oss sjølv med mjølk i Norge?

– Eg meiner at i graslandet Norge burde me klara å produsera den mjølkemengda me treng.

Kuer

Frå 2000 til 2010 gjekk talet på mjølkekyr ned med 20 prosent i landet. I Rogaland var nedgangen på 16 prosent og på Jæren var nedgangen 11 prosent.

Foto: ALEXANDRA BEIER / SCANPIX

Fjøs treng fornying

Årsakene til fråfallet hos mjølkebønder er todelt ifølgje leiaren i Rogaland bondelag, som sjølv er mjølkebonde.

– For det første er det eit hardt og intensivt arbeid med mellom anna stelling to gonger til dagen. For det andre er det ikkje lønsamt nok, seier Byrkjedal.

Han seier at det er generasjonsskifte kombinert med eit behov for fornying i mange fjøs, som gjer at bøndene tar steget og sluttar av drifta.

– Det blei bygd svært mange fjøs i Norge i samanheng med opptrappingsvedtaket i Stortinget i 1972. Nå er desse fjøsa gamle og treng ei fornying. Denne fornyinga er ei svært stor investering og ofte kjem spørsmålet opp i samanheng med generasjonsskifte på garden, seier han.

Han meiner derfor at mange sluttar på grunn av at det er for uvisst om ei investering vil vera økonomisk lønsam.

Ingen kommentar frå departementet

Den ferske landbruks- og matministeren, Trygve Slagsvold Vedum (Sp), ønskjer ikkje å kommentera denne problemstillinga på nåverande tidspunkt.

Statsråden skal først ha interne møter om emnet heiter det frå departementet.

Ola Andreas Byrkjedal frå bondelaget er meir enn villig til å gje råd om kva som må gjerast med problemet.

– Det er heilt klart at det må bli meir lønsamt å vera bonde. Gjennom støtteordningar og inntekt må det bli meir attraktivt for folk å driva med mjølkeproduksjon, som er eit svært krevjande yrke.

Flere nyheter fra Rogaland