Hopp til innhold

Fryktar alvorlege ulukker: Vil ha slutt på sal av ulovlege elsparkesyklar

STAVANGER (NRK): Talet på ulovlege små elektriske køyretøy på norske vegar uroar politiet. No ønskjer Trygg Trafikk ei lovendring for å gjera det vanskelegare for butikkar og nettstader å selja ulovlege produkt.

Her stopper politiet sju barn på ulovlege køyretøy

POLITIET TAR DEI MED SEG: Stoppar politiet deg på ein ulovleg elsparkesykkel, eller eit anna elektrisk køyretøy som er ulovleg, tar dei det med seg. Det er liten sjanse for at du får den tilbake.

«Noregs råaste elsparkesykkel, med ein toppfart på 120 kilometer i timen», reklamerer nettstaden Stayclassy.no med.

Nettbutikkar som blant anna Stayclassy, Ruller.no og Power, har i lang tid reklamert og selt elsparkesyklar som bryt med norske lovar.

Stayclassy seier at dei ikkje har til hensikt å selja ulovlege produkt.

– Me går ut med god informasjon til kundane, og me meiner me er best i bransjen på dette, seier dagleg leiar av Stayclassy, Thomas Holstad.

Skjermdump frå Stayclassy.no

FØR OG ETTER: Før NRK tok kontakt hadde ikkje Stayclassy synleg informasjon om at fleire produktet dei reklamerte for og selde var ulovleg å bruka i Noreg. Dagen etter at NRK tok kontakt og stilte spørsmål kring dette vart informasjonen på nettstaden oppdatert. Stayclassy seier likevel at dei ikkje har gjort endringar på nettsida til NRK.

Foto: Skjermdump frå Stayclassy.no
Før NRK tok kontakt hadde ikkje Stayclassy synleg informasjon om at fleire produktet dei reklamerte for og selde var ulovleg å bruka i Noreg. Dagen etter at NRK tok kontakt og stilte spørsmål kring dette vart informasjonen på nettstaden oppdatert. Stayclassy seier likevel at dei ikkje har gjort endringar på nettsida til NRK.

Leiaren seier at dei primært sel lovlege modellar.

– Me jobbar med å få klassifisert modellane som går for fort som elmoped og lett-MC, slik at dei vert lovlege i Noreg. Dette ser me for oss vil gå relativt smertefritt, seier Holstad.

Han legg til:

– Me har med andre ord ikkje eit ønske om å selja produkt som ikkje kan bli brukte lovleg i Noreg. Men dessverre er det slik at teknologien og nyskapinga i dette tilfellet er komen før regelverket.

Daglig leder for butikken Stayclassy i Sandvika, Thomas Holstad

OPPFORDRAR IKKJE TIL REGELBROT: Dagleg leiar for Stayclassy, Thomas Holstad, seier han ikkje ønskjer at kundane skal bryta regelverket i Noreg.

Foto: Christophe Pouchoulin / NRk

Nektar for å ha endra nettsida

Etter at NRK tok kontakt, ser det ut som dei har oppdatert nettstaden sin med betre informasjon, samstundes har dei fjerna nokre av modellane dei selde tidlegare. Stayclassy nektar for dette.

Elgiganten Power vil slutta å selja ulovlege elsparkesyklar etter at NRK tok kontakt.

– Me har no stoppa all reklamering for dei ulovlege modellane i Noreg, og fasar no ut produktet. Power jobbar no med å finna leverandørar og produkt som ikkje bryt regelverket til neste sesong, seier marknadssjef i Power, Elizabeth Gill.

NRK har ringt og skrive fleire e-postar til Ruller.no, men me har ikkje fått svar.

– Urealistisk at dei vert lovlege

Statens vegvesen har også fått med seg at små elektriske køyretøy er blitt eit problem, og no vil dei hjelpa politiet med å ha eigne kontrollar.

– Me ser at mange unge brukar dei, og at farten ofte er langt over lovleg grense på 20 kilometer i timen, seier faggruppeleiar for køyretøy i Statens vegvesen, Arne Amdahl Bakkevig.

På same måte som dei reiser rundt og har kontrollar på mopedar, vil dei no sjekka små elektriske køyretøy også.

Bakkevig meiner at Stayclassy berre kan gløyma å få gjort om dei modellane dei har til sals, eller har seld fram til no som lovlege køyretøy.

konfiskert

KONFISKERT: Politiet har tatt inn mange ulovlege små elektriske køyretøy den siste tida. Her ser me blant anna fleire elsparkesyklar selde av Stayclassy. – Classywalk s600, frå Stayclassy, blir klassifisert som mellomtung MC på grunn av kraft og vekt, seier politibetjent i Sør-Vest politidistrikt, Andreas Kverneland.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Det er heilt urealistisk at dei ulovlege modellane som er på marknaden no nokon gong blir lovlege.

Ønskjer nye reglar

Trygg Trafikk meiner norske vegar ikkje er eigna for alle dei ulike køyretøya som no er på veg inn i trafikkbiletet.

– Me kan ikkje stoppa utviklinga, men ser at risikobilete er endra, seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i Rogaland, Ingrid Lea Mæland.

Organisasjonen peikar særleg på bruken av elsparkesykkel.

– Det er mange som kjem inn på legevakta med skadar etter ulukker på desse. Særleg i Oslo.

Ingrid Lea Mæland

IKKJE GODT NOK: – Eg oppmodar bransjen til å ta ansvar. Ikkje sel produkt som er ulovleg å bruka, seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i Rogaland, Ingrid Lea Mæland.

Foto: Pia Hetland / NRK

Ny statistikk frå Oslo Universitetssykehus viser at 508 personar har skada seg på el-sparkesykkel i Oslo-området sidan april. 31 personar vart alvorleg skadde, 109 fekk moderate skadar og 368 personar vart lettare skadde.

Trygg Trafikk ønskjer no strengare reglar når det kjem til import og sal av små elektriske køyretøy.

– Me synest det bør vera strengare når me ser at så mange ulovlege produkt vert selde. I tillegg åtvarar me sterkt mot å bruka slike. Dei har ofte høg fart og det er farleg. Me vil ikkje ha fleire drepne i trafikken.

Stoppar mange barn

På kort tid har politiet i Rogaland beslaglagt 20 ulovlege små elektriske køyretøy. Mange av dei som vert stoppa er barn.

Moodi Fathallah og Markus Skretting Bru er to av dei.

I lag med fire andre kompisar var dei nyleg ute på tur. Alle køyrde elsparkesykkel, eller elscooter. Plutseleg dukka politiet opp, og turen tok brått slutt.

– Politiet tok alle køyretøya. Ingen var lovlege, seier Moodi Fathallah (13).

Han hadde nett fått seg ny elsparkesykkel og vart svært skuffa.

Politiet tok frå dei el-sparkesyklane

IKKJE SINT, BERRE SKUFFA: Moodi Fathallah (midten) og Markus Skretting Bru(t.h.) synest det er greitt at politiet er ute og sjekkar ulovlege køyretøy. Dei synest det er dumt at mange unge ikkje veit at dei køyrer ulovlege køyretøy. – Det kan bli veldig dyrt viss politiet stoppar deg. Særleg viss du er over 15. Då kan du få bot i tillegg til at dei tar sykkelen. Det slapp heldigvis me, seier Moodi Fathallah. Tord Saltkjel (t.h), var ikkje med då politiet stoppa dei to andre kompisane. Han har også elsparkesykkel, men den er lovleg, seier han.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Eg hadde brukt alle sparepengane mine, og eg visste ikkje at den var ulovleg, seier han.

Elsparkesykkelen Markus Skretting Bru køyrde hadde han lånt av ein kompis. Han meiner difor at han slapp billig frå hendinga.

– Kompisen min var med, og han tok fullt ansvar, så for meg gjekk det bra. Men det var fleire som mista køyretøy til 10.000 kroner. Det er veldig kjipt.

Forhandlaren gjekk god for ulovleg sykkel

Alle seks som vart stoppa var under 15 år, så før politiet tok med seg elsparkesyklane vart foreldre varsla.

– Eg reiste ut til gutane og politiet, seier Otba M. Fathallah, som er far til Moodi.

På staden fekk han vite av politiet at elsparkesykkelen til sonen ikkje var lovleg.

Sykkelen hadde sete, den var for stor og gjekk for fort.

– Eg vart veldig overraska. For i ei e-postutveksling med forhandlar spurde eg om han var lovleg og eg fekk til svar at sykkelen var ok.

Alle lommepengane forsvann

FAR OG SON: Otba M. Fathallah (t.h) håper kanskje Forbrukarrådet kan hjelpa sonen å få heva kjøpet. Han meiner at forhandlar ikkje informerte godt nok om at sykkelen var ulovleg. Her er han saman med sonen Moodi Fathallah.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

NRK har lese e-postutvekslinga, og forhandlaren skriv til Fathallah at han ikkje treng å uroa seg for politiet.

– Eg forstår at føresette vert frustrerte. Det er mange forhandlarar som sel ulovlege små elektriske køyretøy utan at det kjem godt fram i produktinformasjonen, seier politibejent i Sør-Vest politidistrikt, Andreas Kverneland.

Risikerer bot på 5000 kroner

Politiet seier at det er lite dei kan gjera for å stoppa forhandlarane.

– Ein kan selja, kjøpa og eiga. Men ein kan ikkje bruka dei, seier Andreas Kverneland.

Andreas Kverneland

FRYKTAR ALVORLEGE ULUKKER: Andreas Kverneland fryktar alvorlege ulukker. Han ber samtidig foreldre lesa seg betre opp på lovverket før dei kjøper elsparkesykkel til barn og unge.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

Politiet oppfordrar personar som føler seg lurt til å ta kontakt med Forbrukarrådet.

– Regelverket er veldig klart og me må følgja det. For oss er det også viktig å gjera trafikken så trygg som mogeleg. I mange tilfelle er desse ulovlege køyretøy farleg for dei som køyrer, og andre som brukar fortauet eller vegen, seier politibetjenten.

Er du over 15 år og blir stoppa på eit ulovleg elektrisk køyretøy, kan du få ei bot på 5000 kroner. I tillegg kan du mista retten til å køyre moped eller bil i seks månadar.

– Ved aktlaus køyring kan ein få fleire straffereaksjonar, seier politibetjenten.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg