Hopp til innhold

Frifunnen for drapstrugslar

Ei kvinne i 20-åra er i Stavanger tingrett frifunnen for drapstrugslar mot ein tilsett i barnevernet i Sola kommune.

Det var ein av saksbehandlarane i barnevernet som i fjor varsla politiet om ein telefontrugsel.

Ho skulle ha truga med å skyta saksbehandlaren og seg sjølv, dersom barnevernet tok over omsorga for dottera hennar. Tiltalte nekta for trugslane, men har i politiavhøyr seinare sagt at ho ønska å drepa saksbehandlaren.

Retten var delt, men kom fram til at det ikkje kunne hevast over tvil at kvinna faktisk hadde truga saksbehandlaren. Tiltalte er derfor frifunnen.