Hopp til innhold

Fredriksen får godkjentstempel

I Haugesund har Rogaland Revisjon vurdert Ap-politikar Tor Inge Fredriksen si rolle i kommunepolitikken, skriv Haugesunds avis. Fredriksen er dagleg leiar i selskapet Norconsult sin avdeling, som har hatt mange oppdrag for Haugesund kommune. Det var partiet Høgre som kravde ein slik gjennomgang. Fredriksen kjem godt frå revisjonen, og det blir ikkje påvist at han har misbrukt si rolle som politikar.

Tor Inge Fredriksen