Hopp til innhold

Frå ordførar til president

Fylkesordførar i Rogaland, Roald Bergsaker,  er foreslått som ny president i Norges Idrettsforbund.  Bergsaker er klar for å ta opp kampen.

Fylkesordfører Roald Bergsaker er kandidat til Idrettspresident
Foto: Tom Edvindsen / NRK

- Det er frå folk med godt kjennskap til norsk idrett, at eg er blitt foreslått.  Så får eg sjå kor stor oppslutning eg får, men eg har sagt meg interessert, seier Roald Bergsaker.

Ryktene seier at både ski og fotballforbundet stiller seg bak kanditaturet til Bergsaker.   Dette er forbund med stor makt og mange medlemmer bak seg.

Bergsaker vil ikkje stadfesta at det er slik.  '

- Seinare i kveld skal eg ha eit møte der eg får klarhet i dette, seier han.

Bergsaker har god erfaring innan idrettsarbeid.  Han har ei aktiv fortid som friidrettsutøvar og han har tidlegare vore visepresident i Idrettsforbundet.

Dilemma

Leiar for Rogaland Idrettskrets, Unn Birkeland, er ei skikkeleg klemme om dagen.  Ho er medlem i valgkomiteen i Idrettsforbundet og der har ho gått inn for Tove Paule som presidentkandidat.

 

Unn Birkeland, leder i Rogaland Idrettskrets

- Foreløpig kjem eg til å halda fast på det, sjølv om eg gjerne skulle sett ein idrettspresident frå Rogaland, seier Birkeland.

 Ho stiller seg inntil vidare bak innstillinga på Paule, frå fleirtalet i valgkomiteen.

- Eg vil gjerne vite meir om konsekvensane av Roald Bergsaker sitt kanditatur før eg seier noko meir, seier Birkeland.