Hopp til innhold

Forsvunnen fastlege tilbake

Fastlegen som ingen fekk tak i er tilbake i Stavanger. Nå lovar Sven Kiserud å legge alle kort på bordet.

Sven Kiserud
Foto: Magnus Stokka / NRK

Stavangerlegen Sven Kiserud skulle vore tilbake frå ferie 15.september.

Men fastlegen, som hadde over 1200 pasienter på si fastlegeliste, dukka aldri opp frå Argentina-turen med kjærasten han no er trulova med - og pasientane fekk ikkje tak i han på telefon.

Les også: Fastlege er forsvunnet

Først laurdag kom han tilbake på norsk jord. Omlag klokka 17 laurdag ettermidag landa han på Stavanger lufthavn, Sola.

- Eg beklagar til alle som har lidd over at eg har vore borte. Eg prøvde ikkje stikke av, seier han.

Les også: - Kommer neppe tilbake

Akutt innlagd på sjukehus

Kiserud forklarer at han 13. september vart akutt innlagd på sjukehus i Argentina for akutte magesmerter.

- Også legar kan bli sjuke. Dette var alvorleg, særleg sidan eg har blitt operert på dette sjukehuset tidlegare.

- Men kvifor melde du ikkje frå til arbeidsgivaren din i Stavanger?

- Eg hadde ikkje med mobil og kunne ikkje ringe sjølv. Men eg vart lova frå sjukehuspersonellet at dei hadde gitt beskjed om at eg var innlagt. Det gjorde dei ikkje, noko eg berre må beklaga.

Avviser tom fastlegeliste

Pasientane til Kiserud er av helsesjef Egil Bjørløw i Stavanger overførte til andre fastlegar. Men den heimvende legen avviser at heile fastlegelista hans no er tom.

- Det kan hende at nokre er overførte til andre, men ikkje alle. Uansett er det viktigaste at alle blir ivaretekne.

Les også: Fastlege har ingen pasienter lenger

Har med mobilen framover

- Kva har du lært av dette?

- At eg alltid må ha med mobilen med nummeret til sjefen min, Egil Bjørløw, når eg er ute og reiser.

Kiserud reknar med å vere tilbake på jobb måndag. Då kjem han også til å forklare seg for sine overordna.

Kva som kjem til å skje med pasientane hans er førebels ukjent.