Det seier oberstløytnant og pressetalsmann ved Forsvarskommando Sør- Norge, Brynjar Nymo.
Eit fleirtal i komiteen vil ha det operative hovudkvarteret i forsvaret på Jåttå. Fleirtalet vil og at og at Sola Flystasjon skal ha alt vedlikehald av forsvaret sine helikopter.
Stortingsrepresentant Bent Høie frå Høgre er svært nøgd med innstillinga som vart lagt fram på overtid i går kveld.
Jåttå får omlag 60 fleire tilsette om dei får hovudkvarteret seier Nymo, som ikkje føler seg trygg på noko før Stortinget har sagt sitt onsdag.