– Personleg kjem eg sikkert til å stemme på dei yngste politikarane, for eg kjenner også nokre som skal stille til val. Eg trur absolutt at det kjem til å bli mange personstemmer på dei yngste kandidatane, seier Jørgen Drageset Dydland.
Han er 17 år, går første året på Stavanger Katedralskole og er ungdomsrådsmedlem i Stavanger. Han er ein av om lag 3000 16 og 17-åringar i Stavanger som får sjansen til å stemme ved lokalvalet til hausten.
Også Hå kommune på Jæren er blant dei 20 kommunar i landet, som deltar i eit forsøk med lågare stemmerettsalder.
- LES OGSÅ:
Gjekk bra sist
Stavanger var også med på eit tilsvarande forsøk for fire år sidan. Det spesielle den gongen var at lokalvalet kom berre halvanna månad etter Utøya-massakren den 22. juli 2011. Det kan ha ført til at ekstra mange ungdommar stilte opp i stemmelokalet, men resultatet blei i alle fall bra.
Det var 61.5 prosent av 16 og 17-åringane som røysta på eit parti. For alle aldersgrupper i Stavanger, var det 62.4 prosent som valde parti. For 18 og 19-åringane, som tradisjonelt er dei yngste med stemmerett, var det berre 46 prosent som stemte. (landstal)
Samla alle tiandeklassingane
Den viktigaste grunnen til det relativt gode oppmøtet blant dei yngste for fire år sidan, var truleg at alle 16-åringane i Stavanger blei samla i to store valsamlingar, ein månads tid før valet.
– Det er alltid ein del ungdommar som ikkje er særleg interesserte i utgangspunktet. Dei er det viktige å nå fram til og dei fekk ei oppleving gjennom å vera med på dette arrangementet, seier Reidun Vevle, som var prosjektleiar for forsøket for fire år sidan i Stavanger.
- LES OGSÅ:
Lagar film
Dei ungdommane som synest det er vanskeleg å bestemma seg for parti, skal få ekstra hjelp på sosiale media denne gongen. Det fortel Mari Kalvig, som er leiar av ungdomsrådet i Stavanger.
– Me skal laga ein film der alle partileiarane i Stavanger seier kva som er deira hovudsaker. Den skal vera veldig kort, men skal vera slik at ungdom kan gjera seg opp ei meining om kva parti som passar best for dei.