Hopp til innhold

Fleire tatt i narkoaksjon på Karmøy

Totalt seks personar er arresterte i samband med ein narkotikaaksjon mot utemiljøet på Karmøy, melder politiet.

Illustrasjonsfoto

Slik ser ecstasy-tablettar ut.

Foto: AP Sergio Pontoriero / Scanpix/AP

Det er gjort beslag av både hasj og ecstasy.

Politiet har oppretta saker og alle involverte er dimitterte etter avhøyr.

Sakene blir følgd opp av Karmøy lensmannskontor.

I tillegg er to personar arresterte på Karmøy for oppbevaring av det som truleg er ikkje ubetydelege mengder narkotika.

Ein person er innsett i varetekt, den andre er avhøyrd og sett fri.

Karmøy lensmannskontor arbeider også vidare med denne saka.

Flere nyheter fra Rogaland