Hopp til innhold

Sjå video: Plutseleg kom fleire spekkhoggarar symjande forbi Finn

Dei er lette å kjenne igjen, og sjansen for å sjå dei er større enn før. For nå bognar fleire fjordar med spekkhoggarar.

Ganske tilfeldig fekk Finn E. Krogh auge på fleire spekkhoggarar i Jøsenfjorden.

– Eg blei heilt «starstruck», seier Finn E. Krogh etter å ha observert fleire spekkhoggarar tidlegare denne veka.

På veg til hytta stoppa han tilfeldigvis ved Vadla i Jøsenfjorden i Ryfylke, men det var først då han gjekk ut av bilen at han la merke til dei.

Han trudde først det var snakk om 4–5 spekkhoggarar, men videoen viser truleg fleire.

– Eg er laksefiskar og svak for naturopplevingar. Det var eit fantastisk lykketreff, seier Krogh.

Fleire enn normalt

Å sjå spekkhoggarar er ikkje heilt uvanleg i Noreg, men akkurat i år er det fleire enn normalt. For spekkhoggarbestanden har auka mykje dei siste tiåra.

Og det er fleire årsaker til det, forklarer Audun Rikardsen som er kvalforskar ved UiT – Norges arktiske universitet.

– Dersom det er meir spekkhoggarar enn normalt er det nok fordi det har kome noko inn i fjorden som dei et, seier han og kjem med eit eksempel:

– Me har dei siste åra mykje betre sildebestand. Og hovudnæringa til spekkhoggarar er sild, seier Rikardsen.

Hvalforsker Audun Rikardsen

At det vart slutt på fangst av spekkhoggarar er nok ein av hovudårsakene til at bestanden har auka, meiner kvalforskar Audun Rikardsen.

Foto: ODD ARNE OLDERBAKK / NRK

Men spekkhoggarane liker også godt pattedyr som sel og nise, og ifølgje Rikardsen kan enkelte grupper av spekkhoggarar i periodar jakta denne type pattedyr inne i fjordane. Og då er det ikkje uvanleg at dei patruljerer kysten i mindre grupper, og gjerne i høg fart slik at selane og nisene ikkje ser dei kome.

– Kan det ha noko med klimakrisa å gjere, at det er så mange her nå?

– Eg trur heller ein må sjå på korleis klima påverkar det som kvalane et. Når maten flyttar på seg må også kvalane flytta på seg. Og det ser me jo skjer, seier Rikardsen.

– Skvatt litt

Også fleire plassar verkar det som slike grupper av spekkhoggarar trivst. Blant anna har dei blitt observert i Hardanger- og Sognefjorden. Også i Yrkjefjorden i Tysvær kommune fekk Vebjørn Førre Knutsen og familien auge på fleire.

Vebjørn Førre Knutsen peker på kvar han såg spekkhoggarar i Yrkjefjorden i Tysvær kommune.

Vebjørn Førre Knutsen synest det var interessant då han kom tett på fleire spekkhoggarar i Yrkjefjorden.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Eg skvatt litt, men det var berre ei fin oppleving, seier han.

Og det er kanskje ikkje så rart at ein skvett litt når spekkhoggaren kjem heilt oppi båten.

Det var rundt 4–5 spekkhoggarar som ville kome og helse på dei. Dei minste av dei var nysgjerrige, medan den største ikkje var like gira på det.

– Det var ikkje forventa. Sist me såg dei hadde me god avstand, men nå følte me at dei oppsøkte oss på ein annan måte enn sist.

Les også Sjå reven sin unike «paringsdans»: – Eg tippar det er nokon som prøvar å få seg ei dame

Revar i «paringsdans»

Flere nyheter fra Rogaland