Hopp til innhold

Så mange narkotikasaker at politiet slit med å handsama alt

I natt storma væpna politi inn i ein bustad i Haugesund sentrum, der fann dei narkotika og ulovlege tablettar. Dette narkotikafunnet føyer seg inn i rekka av svært mange den siste tida på Haugalandet. – Det er så mykje å ta av at me må avgrensa oss, seier politiet.

Jan Geir Hessen

Politioverbetjent Jan Geir Hessen viser fram noko av narkotikaen dei har teke på Haugalandet.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Hasj

Dette er eitt av hasjbeslaga som blei gjort på Vestlandet i 2010.

Foto: Tollvesenet

Dei fire personane som blei tatt i aksjonen i natt var alle mellom 30-40 år og kjenningar av politiet.

– Formidabel auke

Sjølv om politiet rykka ut til denne adressa på grunn av at ein mann var observert med eit våpen inne i bustaden, har politiet på Haugalandet den siste tida jobba aktivt for å ta både brukarar og seljarar av narkotiske stoff . Noko som nå viser seg i rettsalen:

– Auken på små og mellomsmå narkotikasaker er formidabel i distriktet, det er nesten som me ikkje klarar å skufla unna alt, seier politioverbetjent Jan Geir Hessen.

Av dei ti narkotikasakene som skal opp i Haugaland tingrett dei neste to vekene er over halvparten Karmøy-saker etter fleire store ungdomsrazzia der 30 ungdommar er tekne dei siste vekene.

30 ungdommar

– Me er ikkje ferdige med å etterforska alle sakene ennå, men det er saker som allereie er klar for retten, mellom anna tilståingsdommar, seier politiførstebetjent Anne Therese Buer.

– De har teke 30 på få veker, kunne de teke fleire?

– Absolutt, her er det så mange å ta av at me nesten må avgrensa oss sjølv. Men nå er me ferdige i dette miljøet og vil konsentrera oss om andre, seier Buer.

Vil ta «lokale høvdingar»

Nyleg blei fleire personar dømd til fengsel i ein større narkosak i Haugesund. Ein anna omfattande sak med fleire tiltalte kjem opp i byrjinga av mai. Politioverbetjent Jan Geir Hessen meiner at det er viktig å ta bakmennene:

– Det er kjempeviktig for oss å ta «dei lokale høvdingane», for det er dei som mottar stoffet her og sel det vidare, men oftare og oftare klarar me også å ta dei som kjem med det på grunn av samarbeid med andre politidistrikt.

Flere nyheter fra Rogaland