Men selskapet sjølv får kritikk for ikkje å følge eigne rutiner i samband med tryggingssona rundt plattformene. Rapporten viser at flaks hindra ei storulukke med tap av menneskeliv og forureining.
Tett skodde
I tett skodde og med marsjfart på 12 knop gjekk Ocean Carrier med forsyningar rett mot Ekofisk. Plutseleg skimtar utkikken ein installasjon. Kapteinen bakker begge maskinane og legg roret hardt over, men Ocean Carrier treff delvis ein plattform. Ingen personar vart skadd og skadane på plattformen var også små.
Farta ved samanstøyten var omlag 6 knop og ved eit direkte treff er det nok til å gjere fatal skade på fleire av plattformene på Ekofisk. Det var difor flaks som hindra ei storulykke i følge granskinga ConocoPhillips har gjort.
Mannskapet på Ocean Carrier får hovudskulda for kollisjonen. Då kapteinen overtok kommandoen kort tid før samanstøyten vart han ikkje orientert om at skipet snart var framme ved Ekofisk. Kapteinen sjekka difor ikkje navigasjonsinstrumenta fordi han trudde dei var i rom sjø.
Må endre rutinar
Men også ConocoPhillips må endre rutinar meiner granskingsgruppa. Selskapet praktiserar ikkje tryggingsona på 500 meter for den enkelte installasjon.
Granskingsgruppa meiner også at det er uheldig for tryggleiken at supplyskip går på korttidsoppdrag og tilrår at ConocoPhillips skaffar seg fleire langsiktige kontrakter.
ConocoPhillips vil ikkje kommentere granskingsrapporten før Petroleumstilsynet har kome med sin konklusjon.