Hopp til innhold

Fjernar bustadriggen frå den heilt nye Yme-plattforma

Om få dagar vil Yme stå heilt aleine, som ei forlaten spøkjelsesplattform i Nordsjøen. For nå blir også den midlertidige bustadriggen fjerna.

Yme

Avtalen Talisman har om leige av bustadrigg til Yme går ut i slutten av august. Verken Yme eller eigar av plattforma, SBM, ønskjer å forlengja kontrakten.

Foto: Talisman Energy

– Me har hatt ein kontrakt på bustadriggen Safe Regalia, som nå går ut. Som operatør ser me ikkje behov for å forlenga denne avtalen, seier Andreas Middelthon, som er pressetalsmann i Talisman.

Dermed vil Yme stå att i Nordsjøen heilt forlaten, utanom eit vaktskip som passar på at ingen båtar skal krasja inn i den.

Arbeidarane evakuerte

Plattforma skulle sommaren 2010 bli den første på norsk sokkel til å opna eit allereie stengt produksjonsfelt, men skandalane har stått i kø, og produksjonen er framleis ikkje i gang.

I juli toppa det seg då alle arbeidarane blei evakuerte over frå Yme til bustadriggen Safe Regalia.

Det var funne sprekker i grunnkonstruksjonen og dei tilsette skulle vera på bustadriggen i kort tid til Yme-blei sett i stand.

Men over to månader seinare er framleis ikkje den heilt nye plattforma trygg nok for folk. Eit arbeid det er eigaren av plattforma, selskapet SBM, som har jobben med å få til.

Fire milliardar har blitt tolv

Nå kan det sjå ut som om dette vil ta endå lenger tid enn planlagt, sidan Talisman fjernar bustadriggen om berre nokre dagar.

– Kva signal sender dette om Yme si framtid?

– Det sender først og fremst eit signal om at me er kostnadsbevisste, når det kjem til Yme si framtid skal denne utgreiast i løpet av hausten. Då kjem me med planar om kva som skal skje med plattforma i det siste kvartalet i år.

Så langt har Yme-prosjektet kosta godt om lag åtte milliardar kroner meir enn den skulle, dermed er det kanskje lurt å fjerna ein bustadrigg, som det likevel ikkje er behov for.

Men at bustadriggen blir fjerna, betyr ikkje at plattforma ikkje blir sett i stand i seier Middelthon.

– Yme kjem til å produsera olje

– Me er i dialog med SBM om å utbetra skaden på Yme, men dette vil truleg skje med ROV-ar med tilhøyrande spesialskip.

– Men sidan de nå sender vekk bustadriggen, har de vel ingen ambisjonar om at dette skal skje med det første?

– Me vil gjerne ha folk ut på plattforma, men då må den vera trygg.

Han seier at dei endelege rapportane, med ekspertutsegn om kva som må gjerast framleis ikkje er klar.

– Vurderer de å gje opp heile prosjektet?

– Eg er viss på at Yme er eit prosjekt som kjem til å produsera olje, spørsmålet er berre korleis det vil skje og kor tid, seier Middelthon som for tida held seg på Talisman sin stand på oljemessa ONS. Ein stand som elles er nominert til å bli den beste standen på messa.