Hopp til innhold

– Urovekkjande at rigg slepp ut i Nordsjøen utan at alt er på plass

Alle dei tilsette på plattforma Yme i Nordsjøen er evakuert på grunn av sprekkar i berestrukturen. Det uroar fagforbundet Industri Energi.

Yme-plattformen

Yme-plattforma då den framleis låg ved land i Stavanger. Kostnadsramma har sprekt fleire gonger, og Yme har blitt fleire milliardar dyrare enn først berekna.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Einar Ellingsen

Einar Ellingsen.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Me er sjølvsagt redde for at plattforma er ustabil, slik at den ikkje er berande slik den er meint, seier Einar Ellingsen, HMS-ansvarleg i fagforbundet Industri Energi.

Det var TV2.no som først omtalte saka. Tysdag kveld blei dei tilsette på plattforma Yme i Nordsjøen evakuert. Onsdag føremiddag er dei 140 personane framleis på bustadplattforma Safe Regalia.

Oljeselskapet og operatøren Talisman opplyser at det var mangelfull dokumentasjon som gjorde at dei valde å stoppa arbeidet mellombels.

Forsinka fleire gonger

Selskapet ventar nå på ei forsikring frå eigaren om at det er trygt å jobba vidare på plattforma.

Yme-plattforma, som enno ikkje har begynt å produsera, er kjent for å ha tatt lengre tid å byggja og kosta fleire milliardar kroner meir enn først berekna.

– Eigar av plattforma, SBM, har spilt spørsmål om nokre mindre sprekkar i forbindelse med dei tre plattformbeina som er montert på tanken på havbotnen, seier pressetalsmann i Talisman, Andreas Middelthon.

Sprekkar i betongblanding

Sprekkane er i ei betongblanding som fester beina til tanken.

– Me måtte forsikra oss om at dette ikkje representerte nokon fare for dei tilsette på plattforma. Me har ikkje fått svar me er fornøgde med, så difor har me vald å stoppa arbeidet til me får dokumentasjon, seier Middelthon.

Talisman veit ikkje kor lang tid det tar før dei tilsette får koma tilbake på plattforma.

– Me spør oss om ting går for fort

Industri Energi er uroa over tryggleiken til dei tilsette.

– Det bekymrar oss at ein rigg slepp ut i Nordsjøen utan at alt er heilt på plass, seier HMS-ansvarleg Ellingsen.

– Me spør oss om det nå er så mange som vil hausta i dei gode tidene, at ting går for fort, seier han.