Hopp til innhold

Fire bustader evakuerte ved brennande fabrikk på Karmøy

Ein nedlagt sildoljefabrikk i Åkrehamn på Karmøy vart herja av brann natt til fredag. Naboar i fire bustader tett innpå vart evakuerte.

Brann i sildoljefabrikk i Åkrehamn på Karmøy. Kjellbuafoto.com

Naboar i fleire hus i Åkrehamn vart bedne om å forlate heimane sine på grunn av den tjukke røyken frå brannen.

Foto: Kjellbuafoto.com

Det var ikkje personar i bygningen då naudetatane kom og sløkking vart igangsett, opplyser politiet.

Ved 01.30-tida brann det framleis, men røyken var redusert. Ved totida fekk naboane dra heim til husa sine, sjølv om brannen ikkje var sløkt.

Haugaland brann- og redningsetat rykte ut då første melding om brannen kom klokka 22.40. Då brannvesenet kom til staden, var det allereie full fyr i bygget i Sjøenvegen.

Vinden snudde

Evakuering av dei næraste bustadene vart vedtatt av politiet etter at vindretninga snudde ein dryg time seinare.

Brann i sildoljefabrikk i Åkrehamn på Karmøy. Kjellbuafoto.com

Brannen er synleg over heile området.

Foto: Kjellbuafoto.com

– Det er ikkje noko som tyder på at det er folk i lokala, som tidlegare var ein sildeoljefabrikk, enten brukt til produksjon eller lagring, seier operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sørvest politidistrikt til NTB.

– Vi kjenner førebels ikkje til brannårsak, seier Fenne-Jensen.

Lite vind fredag morgon

Ved 05.30-tida opplyser brannvesenet til NRK.no at det framleis kjem røyk frå fabrikken. Brannvesenet driv ettersløkking.

Dei kjem til å bli verande på staden i ei stund til, seier Ole Martin Nordstrand, brannvesenet sin innsatsleiar.

– Nå er det ikkje vind. Det har vore veldig til hjelp, seier Nordstrand.

Høyrde knitring

Ifølgje Haugesunds Avis var det naboar som varsla brannvesenet då dei høyrde knitring utandørs.

– Då kikka vi ut, og så at flammane stakk opp over taket, og ut gjennom dørene i veggen der, seier Svein Tore Mannes til avisa.

Han er blant dei som vart evakuerte.

Innsatsleiar Frode Fidjeland seier til Haugesunds Avis at det er dialog med eigaren som opplyste at det ikkje skulle vere farlege gjenstandar inne i fabrikken.

Brann i sildoljefabrikk i Åkrehamn på Karmøy. Kjellbuafoto.com

Store styrker rykka ut til brannen i Åkrehamn.

Foto: Kjellbuafoto.com