Hopp til innhold

– Dersom doen i campingvogna er øydelagt bør du halda deg heime

På Fidjeland camping har dei valt å stengja ned sanitæranlegget før påskeinnrykket. – Godt smitteverntiltak, ifølgje kommuneoverlegen i Sirdal.

Fidjeland camping

Denne campingplassen stenger dusj- og toalettanlegget i påsken. Andre campingplassar held ope.

Foto: Fidjeland camping

Ikkje alle som i dag pakker bilen for påskeferie skal til hytta, for mange er det campinglivet som er påsketradisjon.

Men med strenge smitteverntiltak, kan campinglivet by på utfordringar. I alle fall når ein må på do, eller skal ta seg ein dusj.

– Det er jo enkelte som berre bruker doen i campingvogna til tissing. Så bruker dei sanitæranlegget på campingplassen til å gjera nummer to, seier Sigurd Jarl Berge-Fidjeland.

Han og kona driv Fidjeland camping i kommunen Sirdal, der det er forventa om lag 30.000 påsketuristar dei komande dagane.

Campingplass i Sirdal

Mange reiser på påskeferie i campingvogn i Sirdal.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Stenger do og dusj

Før storinnrykket av campinggjestar hos Berge-Fidjeland, har dei informert alle gjestane sine om at sanitæranlegget på campingplassen deira blir stengt denne påsken.

Det gjer dei med tanke på smittevern.

– Me har folk som kjem frå Hundvåg til Hommersåk og nedover Jæren. Det er ikkje noko me berre finn på, det er det mest forsvarlege slik me ser det, seier han.

Han legg til at fleire av gjestane støtter han, men enkelte liker det ikkje.

– Det betyr jo at dei som kjem må bruka toalettet i campingvogna si. Og dei må bera meir vatn. Nokon seier at doen deira er øydelagt. Men dersom du har ein øydelagt do, bør du halda deg heime.

Kommuneoverlegen i Sirdal er glad for at campingplassen tar smittevern på alvor.

– Det er ikkje tvil om at stenging er det beste smitteverntiltaket. Men for dei som ønsker å halda ope er det viktig at ein avgrensar fellesareala og forsterkar reinhaldet på do og dusjanlegg, seier kommuneoverlege Paul Otto Anders Vindelev.

Haugen Hytteutleie og Camping i Sirdal. Anita Haugen

HELD OPE: Anita Haugen på Haugen hytteutleige og camping syner fram informasjonsplakatane ho har hengt opp på sanitæranlegget.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Her held dei ope

I kommunen har dei i tillegg til dei nasjonale koronatiltaka innført ei forskrift med krav om å bruka munnbind innandørs der ein ikkje kan halda to meter avstand.

Dette gjeld også for campingplassane. Likevel har kommuneoverlegen reist frå campingplass til campingplass i Sirdal fredag for å gi spesifikk informasjon om sanitetsanlegga.

Ein av campingplassane som skal halda ope dusj og doanlegg er Haugen hytteutleige og camping. Her har dei 70 campingvogner i tillegg til nokre utleigehytter.

På denne campingplassen har dei fått besøk av kommuneoverlegen, og fått tiltaka sine godkjent.

– Det blir kø utanfor anlegget, og inne oppfordrar me til bruk av munnbind, seier Anita Haugen, som i dag har hengt opp nye plakatar der det står at det nå er tometeren som gjeld.

Flere nyheter fra Rogaland