Hopp til innhold

Fem til sjukehus etter ulukke i Dirdal

Bil med fem personar køyrde av vegen ved Joker-butikken i Dirdal.

Dirdal

Brannvesenet fekk melding om ulukka klokka 17.18 torsdag ettermiddag.

Alle naudetatar blei sende til staden då ein bil med fem personar køyrde av vegen ved Joker Gilje i Dirdal.

Litt over klokka 19 melder politiet at alle fem blei frakta til Stavanger universitetssjukehus.

– Ein blei hardt skadd og blei frakta til sjukehus med luftambulanse. Dei andre blei frakta til sjukehus med vanleg ambulanse, to av dei skal ha fått moderate skader, opplyser operasjonsleiar Geir Gjesdal til NRK.

Stavanger Universitetssjukehus melder torsdag kveld at alle dei fem involverte i trafikkulukka er lettare skadde.

Personane er mellom 18 og 20 år.

Flere nyheter fra Rogaland