Hopp til innhold

Fart eller nøyaktigheit

To forskjellige strategiar prega dagens deltakarar i konkurransen om julegåve- innpakking i Lokalen. Sally Nilsson gjekk for kraft og fart. Gretelill Tangen for tid og nøyaktigheit.

Gretelill Tangen og Sally Nilsson pakkar inn julepakkar om kapp i studio hos Morgon-Lokalen i Rogaland

Julepakkekonkurranse i studio hos Morgon-Lokalen i Stavanger mellom Gretelill Tangen og Sally Nilsson

Oppgåva som skodespelarane Gretelill Tangen og Sally Nilsson fekk i Morgon-lokalen, var å pakke inn kvar si vanningskanne i julepapir.

I utgangspunktet var det snakk om å gjera det fortast mogeleg, men programleiarane innførte også "stil og eleganse" som eit viktig element i vurderinga. Det viste seg raskt at det ikkje talde til fordel for Sally:

– Det er noge dritpapir dokke har kjøpt inn. Det går ikkje an å pakka inn denne vanningskanna på ein skikkeleg måde! Eg hadde aldri kjøpt ei slik julegåve, slår Sally Nilsson fast.

Gode juleførebuingar

Sally Nilsson er den som legg mest arbeid ned i juleførebuingane. Ho lagar til forskjellige kjøttrettar, både til seg sjølv og til gåver.

– Leverposteien til Sally er den beste eg veit om, seier kollega Gretelill Tangen.

Sjølv meiner ho at det lett blir i meste laget med stress for å få gjennomført jula for tida. Og i tillegg saknar ho fleire faste besøk som ho gjorde før i tida før jul.

– Osta-Johnsen er ikkje der lengre. Det var ein fin plass å stå i kø og snakka med andre folk, seier Gretelill.

– Ikkje er Gundersen der heller lengre. Der var det hyggeleg å kjøpa sild, mimrar ho.

Suksess med Ajax

Nå er dei to "grand old ladies" ved Rogaland Teater opptatt av juleframsyninga med Ajax-tekstar, som dei skal i gang med på Stavangeren. I fjor hadde dei fire framsyningar. I år har dei selt billettar nok til 11 dagar.

– Dette er tekstar som betyr noko for deg og meg. Det handlar om oss, slår Sally Nilsson fast.

– Og så er det eit tilbod til vaksne menneske, som kan kjenna seg igjen frå dengongen dei sjølve var små, seier Gretelill Tangen.

– Men dei tar jo med seg heile familien, for å gi dei unge eit bilde på korleis julefeiringa kunne vera før, så dette har blitt ei typisk familieframsyning, avsluttar Sally.